På kurset lærer dei å spinne både på moderne rokkar utvikla med tanke på ulike effektar i det ferdige garnet, og hundreårgamle rokkar som mange har ståande heime. Dei får til og med prøve å lage tråd på same vis som vikingkvinnene. Dei spann med handtein.

Ei av dei som verkeleg meistrar spinnekunsten, Sølvi Hunvik, står som kursleiar. Ho får tråd av alt; frå NKS (Norsk kvit sau), spælsau, mohairgeit, merino, angorakanin, silke og til og med sauehund. Blandinga er 50 % lammeull av NKS og 50 % Border Collie underull.

Hunvik forklarer at ein får sterk tråd ved å blande ein tråd frå NKS med ein tråd av dekkhåra i fellen til spælsau.

For tida har ho to Bordar Colliar sjølv, og er med på kurs og treningar der gjetarhundane vert skolerte til pålitelege og effektive hjelparar i handtering av sau.

Hunvik driv eit småbruk i Hundvika med sau og diverse fjørkre. Dessutan er ho ein habil hobbysnikkar og har teke kurs i både treskjering, lagging og grindverksbygg.

Tidlegare jobba ho på Frislid konfeksjonsfabrikk, køyrde isbilen ein periode, jobba på Nordfjord Psykiatrisenter og var HMS-rådgjevar i landbruket i Sunnfjord. Landbruksutdanning fekk ho på Langvin Jordbruksskule.

Arveleg belasta

Sølvi Hunvik fortel at så langt tilbake som ho kan hugse har vore interessert i ulike former for tradisjonshandverk. Interessa og anlegg for handarbeid seier ho at ho sikkert har frå foreldra. Mora hadde alltid eit handarbeid i gang; hekling, spøting, nupereller og perlebroderi.

Faren bygde sjølv fleire av sine eigne båtar. Fyrste båten sin laga han alt som fjortenåring.

Vinterarbeid for Sølvi er spinning, veving, spøting og sying. Ho broderer bunadsskjorter, vev band til nordfjordbunad og lagar bunader.

Sølvi trur at alle som vil kan lære å spinne. Det gjeld berre å vere tolmodig og la fiberen styre spinneprosessen.

− Kunsten er å koordinere bruken av trødene på rokken med føtene og forminga av fiberen til tråd med hendene. Verre er det ikkje, avsluttar spinneengasjerte Sølvi Hunvik.

MODERNE ROKKAR: Ein avansert to-trøderokk frå New Zealand, og ein enkel handtein. Stor forskjell på spinning i notid og vikingtid. Foto: Per Ole Lefdalsnes
«HUNDEULL»: Underulla frå Border Collie gjev mjuke, luftige kardeflak. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TAKLOGARN: Sølvi Hunvik viser fram garn av spælsau frå Taklo. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KARDEMASKIN: Sol Andrea Taklo med ein moderne kardemaskin. Foto: Per Ole Lefdalsnes
EFFEKTTRÅD: Effektgarn for vidarekomne. Ulike tvinne- og spinnemetodar gjev uante variasjonar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NØGDE SPINNARAR: Koden er knekt eller i ferd med å bli knekt for f.v. Kirsti Os Utnes, Sol Andrea Taklo og Bodil Johnson. Foto: Sølvi Hunvik