Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll i Selje, Vågsøy og Nordfjordeid, med til saman tretten kontrollerte køyretøy.

Ein sjåfør fekk bruksforbod, og måtte rydde og fjerne gjendstandar frå frontruta før han fekk køyre vidare.

To køyretøy blei kalla inn til teknisk kontroll på grunn av tekniske manglar.

Ein sjåfør fekk mangellapp på køyretøyet sitt på grunn av at påmontert senkesett ikkje var vist og registrert i vognkortet.