I Selje er det eit felles organ som skal ta vare på både funksjonen som eldreråd og som ivaretakar av interessene som ligg inn under Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

Frå Eid var leiar i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne med på møtet. Det var også leiar for Helse- og sosialutvalet i Eid, Lars-Svein Drabløs, Eid-ordførar Alfred Bjørlo og Selje-ordførar Stein Robert Osdal, samt folk frå administrasjonen i dei to kommunane.

Diskusjonsmøte

Møtet var ikkje registrert i møteplanen. Pressa var ikkje formelt invitert, og slik Fjordabladet oppfatta det, var tanken at dette berre skulle vere eit diskusjonsmøte der ein skulle bli kjende med kvarandre, dele erfaringar og orientere kvarandre om korleis ein arbeider og kva utfordringar ein har i Selje og Eid.

Primærhelseteam

Ordførar Alfred Bjørlo orienterte om det nye prosjektet med primærhelseteam, ei form for forsterka legekontor som er på trappene i Eid. Det skal også prøvast ut modellar som handlar om avstandsoppfølging.

Manglande respekt

Medlem i Eid eldreråd, Nils Rognes, oppmoda folk om å ha respekt for eldre og omtale auken i talet på eldre personar på ein omsynsfull måte. Ordbruk som «tsunami» og «udetonert bombe» gjer at somme kjenner seg såra og lite verdsette. Han påpeika som eit problem at eldre opplever at dei ikkje blir høyrde og verdsette.

JUBILANT: Trufast medlem i Eid eldreråd Nils Rognes, har nyleg blitt 80 år, og fekk på eldrerådsmøtet blomehelsing frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo. Foto: Anna Wuttudal