Dette kjem fram i Vegvesenet sitt handlingsprogram for 2018–2023 som vart lagt fram onsdag 14. februar.

Vegvesenet sitt handlingsprogram er den praktiske oppfølginga av Nasjonal transportplan (NTP). NTP gjelder for 12 år, medan handlingsprogrammet har eit perspektiv på seks år.

– Investeringar, drift og vedlikehald gjev høg aktivitet i Vegvesenet og hos entreprenørane. Saman skaper vi eit stadig betre og meir trafikksikkert vegnett, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

I følgje vegdirektøren vil investeringane i vegnettet gje resultat for trafikktryggleiken.

–I 2023 skal ha vi ha 25 færre drepne og hardt skadde som en følge av innsatsen. Kampanjar, kontrollar og sikrare køyretøy vil bidra til trekke tala ytterlegare nedover.

Vedlikehaldsetterslepet blir redusert

Vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet er anslått til 33 milliardar kroner. Midlane til vedlikehald og fornying i komande periode gir reduksjon i etterslepet. Løyvingane til vedlikehald av vegnettet aukar med om lag 20 prosent. Fornying av riksvegtunnelar reiser med ein stor del av midlane. Av vedlikehaldsmidlar går om lag 11,8 milliardar til tunnelar og om lag 1,9 milliardar kroner til vegfundament, vegdekke, drenering, bruer, ferjekaier, vegutstyr og miljøtiltak.

Klimaendringane aukar behovet for fornying av drenering, grøfter, kummar og røyr. Styrka drift, vedlikehald og reduksjon av vedlikehaldsetterslep, er ein sentral del av klimatilpassingsarbeidet.

Bruer på Stårheim og Skipenes

Utbetring av Skipenes bru er inne i første handlingsplanperiode. Utbetring av strekninga Byrkjelo – Sandane er ikkje inne i den første seksårsperioden i handlingsplanen. I perioden 2024 – 2029 er det sett av 1,020 milliardar kroner til tiltaket. Utviding av Stårheim bru ligg inne med 1,6 millionar kroner  i 2022 og 27,3 millionar kroner i 2023.

Storsatsing i byane

Statens vegvesen sitt handlingsprogram viser regjeringas store satsing på 28 milliardar kroner til miljøvenleg transport i dei ni største byområda.

– Dette stimulerer i monaleg grad byområda til å gå i miljøvenleg retning, seier Moe Gustavsen og legg til at målet er nullvekst i personbiltrafikken i byane og få fleire til å sykle, gå og bruke kollektivtrafikk.

–Staten bidreg med halvparten av kostnadene til store kollektivinvesteringar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Intelligent transport

Den teknologiske utviklinga går fort, og intelligente transportsystem opnar for nye mogelegheiter for at bilar «snakkar saman» og mottek informasjon om vegforhold. Dei store mengdene trafikkdata Vegvesenet samla inn kan utnyttast til eit meir intelligent transportsystem.

Vegvesenet skal iverksette pilotar som skal teste korleis ny teknologi kan effektivisere transportsystemet.

–Som mynde for veg og trafikk skal vi arbeide med lovverk, data, personvern og standardisering, påpeikar vegdirektøren.

Nøkkeltal

◾Den statlege ramma til vegformål i 2018-2023 er 241,9 mrd. 2017-kr. Det er om lag 18 prosent høgare enn nivået i 2017 (inklusive Nye Veier AS).

◾Statens vegvesen si ramme er på 199,4 milliardar kr. for seksårsperioden 2018-2023. I snitt er dette 10 prosent over løyvingane i 2017. I tillegg vert det krev inn anslagsvis 42 mrd. kr. i bompengar i perioden.

◾I Nasjonal transportplan 2018-2029 prioriterast drift, vedlikehald og fornying av eksisterande infrastruktur slik at forfallet ikkje aukar og deler av etterslepet tas igjen.

◾23,3 mrd. kr. skal brukast til vedlikehald på vegane i perioden 2018-2023. I tillegg kjem ein post på 10,2 mrd. kr. til fornying.

Fakta

Investeringsaktiviteten vil i handlingsprogramperioden gi:

◾105 km ny firefelts veg.

◾440 km ny veg opnar for trafikk.

◾280 km riksveg vil bli etablert forsterka midtoppmerket.

◾60 km to- og trefeltsveg skilje med midtrekkverk.

Vegvesenets store prosjekter som blir opna i perioden 2018-2023. Prosjekter > 500 mill. kr.

Rv 110 Ørebekk – Simo, Østfold

E16 Eggemoen - Jevnaker – Olum, Buskerud/Oppland

E18 Bommestad – Sky, Vestfold

E18 Varoddbrua, Vest-Agder

E39 Eiganestunnelen, Rogaland

Rv 23 Dagslett – Linnes, Buskerud

Rv 282 Holmenbrua, Buskerud

E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland

E39 Bjørset – Skei, Sogn og Fjordane

E39 Betna - Vinjeøra – Stormyra, Møre og Romsdal

E39 Lønset – Hjelset, Møre og Romsdal

E134 Damåsen – Saggrenda, Buskerud

E134 Gvammen – Århus, Telemark

Rv 13 Ryfast, Rogaland

Rv 36 Skyggestein – Skjelbredstrand, Telemark

E16 Sandvika – Wøyen, Akershus

E16 Bjørum – Skaret, Akershus og Buskerud

E16 Bagn – Bjørgo, Oppland

E6 Vindåsliene – Korporalsbrua, Trøndelag

E6 Jaktøya - Klett – Sentervegen, Trøndelag

Rv 706 Nydalsbrua med tilknytninger, Trøndelag

Rv 4 Roa - Gran grense, inkl Jaren – Amundrud – Lygnebakken, Oppland

E136 Stuguflaten - Rødstøl, krabbefelt, Møre og Romsdal

E6 Helgeland sør inkl. Kappskarmo - Brattåsen – Lien, Nordland

E6 Helgeland nord, Nordland

Rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset, Nordland

E6 Hålogalandsbrua, Nordland

E6 Sørkjosfjellet, Troms

E6 Kvænangsfjellet, Troms

E6 Tana bru, Finnmark

Rv. 3/rv.25 Løten Elverum (OPS), Hedmark

Rv. 555 Sotra-sambandet (OPS), Hordland

Vegvesenets store prosjekter i perioden

E18 Retvet – Vinterbro, Akershus

Rv 23 Oslofjordforbindelsen, trinn 2, Akershus og Buskerud

E18 Lysaker - Strand – Ramstadsletta, Akershus

E18/E39 Gartnerløkka – Kolsdalen, Vest-Agder

E39 Ålgård – Hove, Rogaland

E39 Smiene – Harestad, Rogaland

E39 Rogfast, Rogaland

E39 Myrmel – Lunde, Sogn og Fjordane

E134 Røldal – Seljestad, Hordaland

E16 Skaret – Hønefoss, Buskerud

E16 Stanghelle – Arna, Hordaland

E6 Ringebu-Otta, strekningen Sjoa – Otta, Oppland

E136 Flatmark – Monge – Marstein, Møre og Romsdal

E136 Breivika – Lerstad, Møre og Romsdal

E6 Megården – Mørsvikbotn, Nordland

E8 Sørbotn – Laukslett, Troms

–I 2023 skal ha vi ha 25 færre drepne og hardt skadde som en følge av innsatsen. Kampanjar, kontrollar og sikrare køyretøy vil bidra til trekke tala ytterlegare nedover, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Foto: Tormod Flatebø