Forholda var heilt annleis og tungvinte for femti år sidan; Det var veg vestover til Davik, men ikkje til Ålfoten, og det var ikkje ferje til Stårheim. Veg til Ålfoten og ferje over fjorden i 1972 markerte ei totalt ny tid for folket på Isane og elles på sørsida.

Folketalet går ned

Statistikken for tiårsperioden 2007 – 2017, viser ein nedgang på 17% på desse åra. I dag bur det 34 personar på Isane, medan det på det meste i 2007-08 var 41 innbyggjarar i bygda. Alderssamansettinga er heller ikkje så gunstig med tanke på framtida. Ein tredel er pensjonistar, og det er ikkje meir enn fem barn i grunnskulealder.

Det er heller ikkje reist nye hus dei siste tjue åra, men eit par hus er nyrestaurerte.

Få arbeidsplassar

Oppdrettsanlegget sysselset i dag fem personar, og ein er bonde på heiltid med kyr og sauer. Elles må folk pendle. Fleire pendlar til Svelgen og nokre til Florø. Det er og pendling til Eid.

Folket på Isane skulle nok ynskje seg fleire unge tilflyttarar, men dei unge tek utdanning andre stader og etablerer seg gjerne der.

Når folk i bygda treffest kjem gjerne praten inn på kommunesamanslåing og usikkerheita som har vore rundt framtida til ferja over fjorden.

– Bremanger har livets rett

På spørsmålet om Bremanger kan og bør bestå som eigen kommune i framtida, svarer Roar Førde eit definitivt ja. Bremanger har hatt og vil i framtida ha eit solid økonomisk fundament i naturressursane i kommunen særleg knytt til vasskraft, både den som alt er utbygd og den som kan utbyggjast i framtida.

− Sjølv terraskandalen kom vi oss gjennom utan altfor store skader. No når vi legg den bak oss, vert 20 millionar kroner frigjorde årleg. Vi vil greie oss godt i framtida, seier han.

Førde vedgår at der nok er utfordringar i Bremanger og; Det vert etter kvart ei utarming i befolkningsgrunnlaget i utkantane.

Fryktar sentraliseringbølgja

Sjølv om Førde er trygg på at Bremanger er liv laga, fryktar han likevel sentraliseringsentusiastane i Storting og regjering.

Viss så gale skulle skje at kommunen skulle opphøyre som eigen kommune, er Førde klar på at han ønskjer tilknyting til Eid (Stad). I denne saka har han folkemeininga klart på si side.

− Vi er då nordfjordingar, slår han kategorisk fast.

Ferja er livsnerven

Dei siste åra er det skapt ein del uro rundt lagnaden til ferja Isane – Stårheim i samband med planane om fjordkryssing i ytre. Sterke krefter ynskjer overføring av pengane staten yter til ferjedrifta overført til bruprosjektet i ytre Nordfjord.

Førde seier det så sterkt at ferja er alfa og omega for bygdene på sørsida. Utan ferja er dei tilbake på 60-talet når det gjeld kommunikasjonar, og det aksepterer folket ikkje.

Vedtaket i Fylkestinget før jul har lagt debatten om ferjenedlegging død. Fylkestinget vedtok at Kystvegen skal krysse fjorden med bru frå Tongane til Biskjelsneset ved Almenning, og at ferja Isane – Stårheim skal halde fram som før. Det var ein hugnadsdag for sørsida.

• Namn: Roar Førde

• Fødd: 1943

• Gift med: Anne Britt

• Bur: Isane

• Stilling: Pensjonist, tidlegare rektor og ordførar i Bremanger

• På nattbordet: Kryssord

• Fritidsinteresser: bridge, sauebonde

• Opptatt i det siste med klargjering av allmennsoga for Bremanger for utgjeving

ISANE STAGNERER: I dag har bygda Isane 34 innbyggjarar og lite tilflytting. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BÅTBYGGJERI I 80 ÅR: Her blei det bygd færingar og snekker fram til 1980-åra. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NYBYGG DOMBESTEIN: Bygda Dombestein ligg fire kilometer vest for Isane og har 35 innbyggjarar. Ingvild Langeland frå Nordfjordeid har etablert seg i bygda med familien og trivast. Jobbpendling til Nordfjordeid går fint. Foto: Per Ole Lefdalsnes
GAMLEBUTIKKEN: Her dreiv Anne Britt Førde butikk i 25 år fram til 1996. No bur ekteparet Førde her. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Ferja ”SELJE”: God plass på 09.20-ferja til Isane. Overfartstid 15 minutt. Foto: Per Ole Lefdalsnes