Nyleg var Alv Ottar Folkestad på vitjing på Nordfjordeid der han heldt føredrag på Felleskjøpet om fugleforing. Dei frammøtte fekk informasjon både om kva dei ulike fuglane liker best å ete og ein god porsjon fakta om fuglefaunaen i Nordfjord.

Folkestad peika på at det er to enkle måtar å studere fuglar på; du kan drive med fugleforing eller setje opp fuglekassar.

40 artar på fuglebrettet

– Her i Nordfjord kan du få om lag 40 ulike fugleartar på ein fôringsplass vinterstid om du varierer foret slik at det er noko for einkvar smak. Det er viktig med eit variert tilbod av mat, ikkje alle et fuglefrø. Det er også forskjellige preferansar når det gjeld måten fuglane liker å få servert maten på. Nokre artar vil ha maten på bakken. – Gi gjerne epleskrell til svarttrasten. Blåmeisa liker det litt feitt, og har ein forkjærlegheit for havregryn og havre. Havregryn kan gjære om den blir våt, og bør gjevast i avgrensa porsjonar på ein tørr stad. Somme liker brødsmular, andre vil heller ha kvitost. Nøtteskrika hamstrar mat i stor stil. Du kan hamstre rognebær og fryse ned, for å ha å fore med utover vinteren. Sidensvansen liker godt frukt og bær, og ein kan av og til oppleve rusa fuglar som byrjar å oppføre seg litt rart, til dømes etter å ha ete nedfallsfrukt i form av pærer som har byrja å gjære.

Fuglekassar

Lagar du fuglekassar som er spesielt tilpassa ulike storleikar og behov, kan du få 25–30 ulike artar som leigetakarar. Kassa treng ikkje å henge høgare enn 1,5 meter. Fuglekasse til fossekall kan plasserast under bruer.

Kjøtmeisa mest vanleg

Det har nyleg vore fugleteljing her til lands, og folk har vore oppmoda om å telje fuglar i hagane sine. Ti på topp i landet er kjøtmeis, blåmeis, skjor, dompap, svarttrast, spettmeis, gråsisik, grønfink, gråsporv, flaggspett, raudstrupe, pilfink og granmeis.

Kjøtmeisa er den vanlegaste arten ved fôringsplassar over heile landet og vart registrert i heile 95 % av hagane. Det vart talt totalt 63.742 kjøtmeiser.

250 ulike fugleartar

Det er observert meir enn 250 ulike fugleartar her i regionen. Av desse har meir enn 150 artar hekka her. Alv Ottar Folkestad kunne fortelje at artar som kjernebitar, lyngskvett, bergdue, trane og songsvane er nye hekkeartar, og også vandrefalk og havørn har kome attende dei siste åra.

Hubro, hettemåse, gulsporv, raudstilk er artar som er borte eller er i ferd med å bli borte.

Len deg tilbake

Fugleentusiasten Folkestad oppmodar fugleinteresserte om å ha eit avslappa forhold til fugleforing.

– Det går heilt greitt om du er to veker vekke i Syden om vinteren, og prøv å sjå det humoristiske i situasjonar der fuglar oppfører seg på ein litt irriterande måte. Ta det ikkje for alvorleg, len deg litt tilbake og nyt. Om du fôrar om sommaren eller ikkje, har lite å bety. Det går bra med jordnøtter med eller utan skal. Det viktigaste er gleda av å ha levande skapningar rundt seg.

Har fokus på fugl

Norsk ornitologisk foreining (NOF) er ein landsdekkjande naturvernorganisasjon som arbeider for å verne om fuglane og deira livsmiljø, og for å auke kjennskapen til fuglelivet.

Organisasjonen har avdelingar i alle fylke og til saman om lag 10.000 medlemmer fordelt på 52 lokallag. NOF er tilslutta Birdlife international.

EKSOTISK INNSLAG: Kjernebitaren dukka opp på 90-talet. Foto: Anna Wuttudal
MEST VANLEG: Kjøtmeisa er den vanlegaste arten ved fôringsplassar over heile landet. Foto: Anna Wuttudal