Ny Utavskåpet-kunstnar

StreetArt på veggen

Tyske Janis (20) er den femte Utavskåpet-kunstnaren i Det Kreative Rom på Amfi Nordfjord.

Tyske Janis viser både positiv og negativ kritikk til samfunnet i veggkunsten sin.   Foto: Privat

Veggkunsten til Janis er både fantasifull og detaljrik.  Foto: Privat

Nyhende

Eit par gongar i månaden vert ein ny Utavskåpet-kunstnar presentert i Det kreative rom på Amfi Nordfjord. Ein ynskjer med dette å synleggjere mangfaldet i kreativitet og skaparglede som finst i kulturbygda Eid. Det er mange som syslar på med kunstnarlege aktivitetar utan at omverda får sjå kva dei har å by på. Gjengen bak Det kreative rom utfordrar kreative sjeler til å kome ut av skåpet med kunsten sin ved å stille den ut.

Frå Hamburg til Eid

Janis er 20 år og kjem frå Hamburg i Tyskland. Han kom til Eid i september 2017 og er ein av fire volontørar ved Eid Frivilligsentral.

På grunn av sine kreative evner var eit av dei første oppdraga han fekk å lage eit stort veggbilde til BUA Eid. No prydar gatekunsten hans veggen på utstyrslageret. Veggkunsten som viser aktivitet og friluftsliv er fantasifull og detaljrik. På Det kreative rom har han stilt ut eit verk som er kritisk til samfunnet og politikken, og eit arbeid som er eit positivt uttrykk for det ein ikkje veit.

Kritisk blikk

Under vidaregåande utdanning har Janis studert musikk, kunst og politikk. Han er engasjert i det som skjer i samfunnet, og har eit kritisk blikk på både samfunn og politikk. Dette kjem til uttrykk i kunsten hans.

All kunsten han lagar har noko å fortelje. Enkelte uttrykk er lett å tolke, og i andre uttrykk er bodskapen meir skjult.

Janis utfordrar betraktarane til å tenke og å ha eigne meiningar. StreetArten er ein protest mot privatisering, og Janis tenker at kunstforma er egoistisk – sidan kunstnaren verken spør om eigaren av bygget ynskjer å ha kunsten der eller om han likar den.

Halvt år på Eid

Opphaldet på Eid har vore ei flott erfaring og Janis har møtt mange kjekke folk. Janis har lært mykje – særskilt om seg sjølv. Han oppdaga at han saknar storbylivet og kreativt samarbeid med likesinna.

Eige uttrykk

Trass ung alder har Janis allereie eit eige uttrykk som han ynskjer å vidareutvikle. Difor reiser Janis om eit par veker tilbake til Tyskland for å søkje om opptak til kunststudiar i heimlandet. Inntakskravet er 20 kreative arbeid, så han får nok å gjere framover våren.