Området det vart søkt om tilskot til å rydde, ligg på sørsida av riksvegen og i tillegg til Mykland, er Bjørg Bjørnholt og Statens vegvesen grunneigarar. Ryddeprosjektet er eit samarbeid mellom Mykland og Bjørnholt. Løyve frå vegvesenet til rydding på deira eigedom ligg og føre.

Ryddeprosjektet

Fylkesmannen skriv at ryddinga vil skape utsikt til kulturlandskapet på motsett side av fjorden, nærare bestemt mot Dombestein, Davik, Endal og Oteren. Samstundes vil ryddinga gjere strandsona i området tilgjengeleg for lokalbefolkning og turistar.

Enkelttre med nokre meters mellomrom på Skjerven vil bli sett att, og det vil bli rydda i form av tynning og oppstamming i området ved nausta/naustmurane og vidare austover. Eiketre vil bli sett att og framheva.

Området

Virket som vert rydda skal nyttast til ved. Fliskuttar vil bli nytta der det er mogleg, medan resten av hogstavfallet vil bli brent i fjæra.

Området er ikkje eigna til beiting, men det vil bli halde fritt for gjenvekst ved hjelp av manuell rydding på dugnad, og stubbebehandling med glysofat.

I søknaden frå Mykland er det sett opp eit samla kostnadsoverslag på 113.500 kroner med eit søknadsbeløp på 79.450 kroner.

Eid kommune tilrådde at søknaden vart innvilga, noko Fylkesmannen no har gjort.

Fylkesmannens vurdering

Det blir vist til lovverk og forskrift der det heiter at utsiktsrydding skal bidra til å fremje verdiar knytt til landbruket sitt kulturlandskap. Ryddinga skal gje auka utsikt frå ferdselsårar, vegkantar og vegnære utsiktspunkt.

7,8 dekar

Arealet som skal ryddast er på om lag 7,8 dekar, og det kan maksimalt gjevast tilskot tilsvarande 70% av godkjent kostnadsoverslag.

Det vert sett ein arbeidsfrist for tiltaket, som såleis skal vere sluttført og godkjent av kommunen innan mars 2020.

Ryddinga har starta

Sambuarparet Inge Mykland og Jorunn Breiteig er alt i full gang med ryddearbeidet. Dei trur dei vil vere ferdige med arbeidet i løpet av eit års tid. Begge to trivst godt med skogsarbeid. Det er viktig for dei å ta naturen tilbake gjennom aktiv landskapspleie.