Musikklaget deltok i 4. divisjon i NM brass i Grieghallen i Bergen i helga, og konkurrerte med femten andre musikklag/korps frå Sør-Norge. Kjølsdalen musikklag vart nummer tre i sin divisjon, ei plassering dei er svært nøgde med.

Kjølsdalen fekk 92 poeng, berre to poeng bak vinnar av 4. divisjon, Stavanger Kommunes Korps, og eit poeng bak andreplassen til Krohnengen Old Stars.

– 3.-plass er ekstra stas, seier Nor.

Imponerande

Fleire trekk også fram at det er spesielt imponerande frå Kjølsdalen musikklag fordi åtte av 30 musikantar er ungdommar frå skulekorpset.

– Vi har faktisk halve skulekorpset med oss, og vi er stolte av dei alle. Det er veldig kjekt at dei får vere med, at dei ser at ein lukkast og at all øvinga gir resultat. Dei er svoltne, og det er ein motivasjon som smittar, seier korpsleiaren.

Kjølsdalen hadde spelt seg opp til 4. divisjon i fjor, og kom då på 6.-plass av 15 korps. Året før kom dei på 2.-plass i 5. divisjon.

Stor glede

Det vart full jubel og stor glede då musikantane frå Kjølsdalen fekk vite dei kom på tredjeplass.

– Då vi sat på scena og var ferdig med spelinga, hadde vi ei kjempegod kjensel over eigeninnsatsen, at dette gjekk bra, og at det hadde vore ei verkeleg god framføring. Ein får ikkje høyre på dei andre korpsa undervegs, så ein har ingenting å samanlikne med, seier Nor.

Kjølsdalen musikklag spela stykket Prizewinners av Philip Sparke, med soloinnslag av Helga Didrikke Sundal på kornett og Ole Telvik på eufonium. Dirigent er Arvid Anthun.

Alle har øvd iherdig etter at dei fekk stykket i haust.

– Det er eit krevjande stykke. Kvar av oss har øvd etter ei lydfil heime, og over jul begynte vi å spele stykket i lag, fortel Nor.

Sosialt og lærerikt

Med heile 98,5 poeng tok Eikanger-Bjørsvik Musikklag tittelen som noregsmeister for tredje år på rad.

Årets NM brass var det 40. i rekka. 76 deltakande korps fordelt på fem divisjonar var samla i Grieghallen i Bergen.

– Å vere med på NM er både sosialt og svært lærerikt. Vi er i ei oppadgåande kurve og korpset høyrast betre ut, smiler ho.

Synnøve Berstad (t.h) tok imot premien for tredjeplassen. Ho sit i styret i musikklaget og er ein av åtte musikantar som også spelar i Kjølsdalen skulemusikk. Foto: 4barsrest