Alvorlege feil på vogntog

To vogntog vart stoppa med alvorlege feil då Statens vegvesen heldt kontroll på Kjøs måndag.
Nyhende

Det eine vogntoget hadde laus styrekule. I følgje Statens vegvesen kunne styrekula dette av kor tid som helst, noko som ville ført til at sjåføren ville mista kontroll på køyretøyet. Vogntoget fekk bruksforbud for alvorlege manglar på styring, og må reparerast før han får køyre vidare.

Det andre vogntoget vart stoppa med laust tilhengarfeste. Bilen hadde tilhengar på nesten 20 tonn, og det var kun eit tidsspørsmål når dette kom til å dette av, i følgje Statens vegvesen.

Totalt vart det kontrollert 16 køyretøy. Av desse fekk tre skriftlege manglar, og fem bruksforbod. Dette var reaksjonane i kontrollen:

  • To sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontvindauge før vidare køyring.
  • Ein lastebileigar fekk 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke.
  • Ein lastebileigar fekk 5.150 kroner i gebyr for 1.700 kilo overlast på tilhengaren.
  • Ein lastebil fekk bruksforbod for alvorlege manglar på styring, og må reparerast før han får køyre vidare.
  • Ein lastebil fekk bruksforbod og måtte sette igjen hengaren til han fekk reparert tilhengerfestet på bilen.
  • Ein sjåfør fekk 1.000 kroner i gebyr for ikkje å ha med tilstrekkeleg med kjetting.
  • Eitt køyretøy fekk mangel for og må etterkontrollerast for defekt underkøyringshinder.
  • Ein sjåfør måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare.