Stein Torleif Bjella er ein norsk låtskrivar, musikar og lyrikar frå Ål i Hallingdal.

Bjella debuterte som soloartist i 2009 med vise/country-albumet Heidersmenn.

For albumet blei han nominert til Spellemannsprisen 2009 i klassane viser og tekstforfattar.

I 2011 fulgte Bjella opp med albumet Vonde visu og vann for det Spellemannsprisen 2011 i klassa for viser.

Han fekk også Prøysenprisen for 2011. Bendikprisen for 2012 og Edvard-prisen for 2014 i klassa tekst til musikk for Heim for å døy.

For albumet Gode liv frå 2016 fekk han tre nominasjonar framfor Spellemannsprisen 2016; klassene viser, årets album og tekstforfattar.

Når den tause manns talsmann kjem med sitt littererære univers til Eid, vil Bjella stå åleine på scena i Gymmen. Eit nært og eksklusivt møte med den folkekjære hallingen.