Det var i år 14 innslag på scena og fire kunstbidrag i Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Eid. Innslaga vart presentert av dyktig konferansier Solveig Laukeland Djupegot.

Deltakarane var ei god blanding av nye, somme var med for første gong, og langt meir scenevande utøvarar. Det som var mest spesielt i år, var at jentene dominerte nesten fullstendig. Berre eitt av song/musikkinnslaga var reint gutenummer, medan det elles i all hovudsak var jenter som opptredde på UKM-scena.

Bør ha større breidde

– Gutane glimrar med sitt fråvær. Det må vi prøve å gjere noko med til neste år, då må dei kome sterkare med, seier kulturskulerektor Dan Aasebø. Han hadde også gjerne sett større breidde. Det var mest tradisjonelle innslag med song, musikk og dans.

– Det hadde vore kjekt med til dømes skodespel og akrobatikk, og det er fleire ting det kunne ha vore meir av. Kan hende må vi gå meir aktivt ut og oppmode ungdom om å melde seg på, for å få eit breiare utval. Vi får sjå om vi får det betre til ved neste korsveg, seier kulturskulerektoren. Han understrekar at sjølv om han kunne ønske seg noko meir variasjon, så var det eit heilt greitt show med gode prestasjonar. – Det var eit veldig høgt nivå på mykje av det som vart presentert.

– Eg trur dei som var der kosa seg, både dei som stod på scena og dei som sat i salen. Det er god trening å øve seg på å opptre sjølv om det ikkje er full sal, påpeikar rektor Dan Aasebø.

Ein av få

Eskil Heggen Starheim var ein av få gutar som tok utfordringa og stilte opp i årets UKM i Operahuset Nordfjord. Det gjekk veldig bra. Han liker å synge og tykte det var kjekt å prøve seg på å stå og synge på scena. Det gav litt meirsmak, og kanskje blir han med fleire gonger.

Nyskaping innan kunst

Ugne Gedvilaite (19) har vore med på UKM mange gongar før og har då stilt med teikning. I år ville ho prøve noko nytt og det vart skulpturen ”Homosapiens”, som dommarane sende vidare til fylkesmønstringa.

Skulpturen er forma som eit hovud kledd med avispapir, der augene er blinde, og det stikk leidningar ut bak.

Ugne forklarer at namnet «Homosapiens», som betyr det vise mennesket, er ironisk meint.

– Vi lever i ei tid der vi er sterkt påverka av media og er påkopla store delar av tida. Mennesket er som ein robot, styrt utanfrå. Augene har ikkje pupillar og ser ikkje kva som er sant.

– Med skulpturen ”Homosapiens” prøver eg å formidle at det er viktig å tenkje sjølv, seier den unge kunstnaren.

Juryen har plukka ut fylgjande deltakarar som går vidare til fylkesfestivalen i UKM:

Scene:

* Sara Sandvik Arnestad – dans

* Mångata – gruppe

* S.U.N. – band

* Kim Schouten – piano

* Alexa Valentina – song

Utstilling:

* Ugne Gedvilaite – skulptur

Dei som sat i juryen var: Birgitte Nerland, Ivan Smilovski, Pascal Sibondagra og Hanna Stautland.

Dei aller yngste UKM-deltakarane er ikkje aktuelle for å gå vidare til fylkesfestivalen.

Stig Kamonen og Ovar Holmen styrte lyd og lys.

The Greatest: Sunniva Dyrvik (13) og Elsa Jansen Bredesen (12) koreograferte denne dansen. Dei hadde med seg ti dansevenner: Maria Eimhjellen, Mathea Haukås, Tiril og Kristin Denton, Alexandra Klokk, Emma Melheim Jensen, Oliver Skinlo, Ruth Balsnes, Daniella Aarøe og Andrea Lien Botn. Foto: Anna Wuttudal
GÅR VIDARE: Gruppa Mångata med Weronika Matusiak (19) på fiolin, Alexa Valentina (18) vokal, ukulele, piano og Susanne Rønnekleiv (17) på gitar framførte «Her er eg». Tekst og melodi: Hans Petter Aaserud/Trang fødsel. Foto: Anna Wuttudal
ROCK: Eskil Starheim (15) vokal og Paul Nicholas S. Skibenes (15) på gitar framførte God and satan. Tekst og melodi: Simon Neil. Framføringa til Eskil og Paul var det einaste reine guteinnslaget i årets UKM Eid. Foto: Anna Wuttudal
GÅR VIDARE: Ugne Gedvilaite (19) har vore med på UKM mange gongar før og har då stilt med teikning. I år ville ho prøve noko nytt, og det vart skulpturen ”Homo- sapiens”, som dommarane sende vidare til fylkesfestivalen. Foto: Anna Wuttudal
GÅR VIDARE: Allsidige Alexa Valentina (18) song seg vidare med «Dancing on my own». Tekst og melodi: Robin Foto: Anna Wuttudal
GÅR VIDARE: Kim Schouten (19) på flygel spelte seg vidare med Sonata No. 16 – 1. sats av Mozart. Foto: Anna Wuttudal
DOMMARAR: Hanne Taklo Stautland og Pascal Sibondagara var med i dommarpanelet i årets UKM Eid 2018 saman med Birgitte Nerland og Ivan Smilovski. Her studerer dei bidrag innan kunst. Foto: Anna Wuttudal
GÅR VIDARE: Sara Sandvik Arnestad (17) dansa seg vidare til fylkesfestivalen med In This Shirt. Koreografi: Sara Sandvik Arnestad. I fjor deltok ho også i UKM og kom då vidare til landsnivå som del av ein danseduett. Foto: Anna Wuttudal