Takka av med kakefest

Ørnulf Lillestøl hadde torsdag 8. februar sin siste arbeidsdag som rådmann i Selje kommune.

Ørnulf Lillestøl hadde onsdag sitt siste møte saman med kommunestyret i Selje. Møtet starta med kakefest til ære for den avtroppande rådmannen.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Onsdag 7. februar var nest siste dag på jobb som rådmann i Selje kommune for Ørnulf Lillestøl. Kommunestyret arrangerte kakefest for den avtroppande rådmannen, som går til ny stilling ved Universitet i Bergen. I talen til den avtroppande rådmannen la ordførar Stein Robert Osdal spesielt vekt Lillestøl sin kompetanse og den gode jobben Lillestøl hadde gjort som øvste administrative sjef i kommunen. – For meg har Lillestøl vore ein viktig og god sparringspartnar, sa Osdal.