3.plass til Kjølsdalen musikklag

Kjølsdalen musikklag deltok i dag i NM brass 2018 i Grieghallen i Bergen. Det er Norge Musikkorps Forbund som er arrangør og 76 korps var med, fordelt på fem divisjonar.  Foto: Jeanette Tonning Sundal

Nyhende

Kjølsdalen musikklag deltok i 4. divisjon i NM brass og konkurrerte med femten andre musikklag/korps frå Sør-Norge. Musikklaget vart nummer tre i sin divisjon, ei plassering dei er veldig godt fornøgde med.

Kjølsdalen fekk 92 poeng, berre to poeng bak vinnar av 4. divisjon, Stavanger Kommunes korps.

Frå Sogn og Fjordane var også Flora-Bremanger brassband med i same divisjonen. Dei kom på ein 9. plass med 86,5 poeng.

Kjølsdalen hadde spelt seg opp til 4. divisjon i fjor og kom då på 6. plass av 15 korps.

Året før, i 2016, kom dei på 2. plass i 5. divisjon.

Kjølsdalen musikklag spela stykket Prizewinners av Philip Sparke, med soloinnslag av Helga Didrikke Sundal på kornett og Ole Telvik på eufonium. Dirigent er Arvid Anthun.Leiar Anne-Britt Nor melde i dag om god stemning i den kjølsdalske leiren.

Det er eit 30-tals medlemmer i laget, og der er med musikantar frå alle skulekrinsane i Eid kommune.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag til topps

Med heile 98,5 poeng tok Eikanger-Bjørsvik Musikklag tittelen som norgesmeister for tredje år på rad. I år får dei også med seg kongepokalen.