Daniel Vindfjell frå Eid vart nummer tre på 400 meter fri under Landsdels Årsklassemønstring (LÅMØ) Vest i Bergen i dag.

Stemnet samlar dei beste unge symjarane frå heile Vestlandet, og Vindfjell blei berre slått av to frå Sandnes i årsklasse 2004. Han slo med andre ord mellom andre alle frå Bergen.