Drilljentene frå Eid deltok då på Hedmark/Oppland meisterskapen i drill på Gausdal arena utanfor Lillehammer. Arrangør var Norges musikkforbund.

Dette er ein av fleire konkurransar som har uttak/kvalifisering til NM.

– Frå Eid stilte seks av dei eldste drillarane våre. Dei deltok alle i tropp-program og i tillegg stilte dei med duett- og soloprogram, fortel Anett Munch Oen, leiar for drillen.

Første gong

Drilltroppa på Nordfjordeid har 23 drillarar.

– Det er alltid spennande å dra på meisterskap, og dette var ein kjempestor konkurranse for heile landet. Denne gongen var det fleire av jentene frå Eid som ikkje har stilt med solodrill før, seier Munch Oen.

Drilltroppa frå Nordfjordeid pleier å delta på to-tre konkurransar i året. Neste gong er det Nordvesten på Sandane 21. april, med drillarar frå heile Sogn og Fjordane. Kanskje vert det også eidajenter med i Jugenddrill utanfor Ålesund i slutten av mai. I tillegg skal Sara Torheim Frislid og Linnea Stokke Lillestrøm delta på Midtnorsk meisterskap seinare i år.

Resultatliste:

Preteen intermediate:

15.-plass – Linnea Stokke Lillestrøm, og første gong med solo.

Junior beginner: 4.-plass-Lilly Torheim, og første gong med solo. 7.-plass-Ina Sørland Breidablikk.

Junior intermediate:

9.-plass – Sara Torheim Frislid.

Duett junior advance: 1.-plass – Sara Torheim Frislid og Cecilie Navelsaker.

Spente: Dei lokale drillarane frå Eid var spente før dei skulle i aksjon på Gausdal arena.
SOLO: Lilly Torheim stilte for første gong med soloprogram i konkurranse.
I Aksjon: Eidajentene deltok alle i tropp-program og i tillegg stilte dei med duett- og soloprogram.