Ny aktør inn i Ervik Havfiske

Konsernsjef Stig Ervik. Arkivfoto: Per Ole Lefdalsnes 

Nyhende

I ei pressemelding sendt ut i dag vert det opplyst at Carisma Fish i Måløy kjøper seg inn i Ervik Havfiske på Stadlandet med ein eigarpost på inntil 25%.

Eigarane i Ervik Havfiske, Stig Ervik og Kjell Magne Ervik, får no Carisma-eigar Arild Aarvik inn i Ervik Havfiske-leiinga. Kåre Furnes er nyleg utnemnd til styreleiar i konsernet.

Carisma-gruppa, der Arild Aarvik er eineeigar, har med seg ein linebåt og i underkant av 5 torsk- og hysekvoter, i tillegg til knapt ei og ei halv seikvote inn i Ervik Havfiske.

Stig Ervik seier at han har stor tru på at Ervik Havfiske no vil stå fram som ein endå meir velfungerande organisasjon men ein unik kompetanse.

Nyleg har og salsselskapet til Ervik Havfiske, Arctic Linefish og Carisma Fish sitt salsselskap, Carisma Seafood, blitt slått saman til eitt salsselskap med namnet Artic Linefish AS