Hadde dekk og kjettingar i orden

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll på Folven i går ettermiddag og kveld i samarbeid med Stryn Lensmannskontor

Ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletida.

Ein sjåfør måtte fjerne gjenstandar i frontvindu før vidare køyring.

Alle hadde dekk og kjetting i orden.

Åtte køyretøy vart kontrollerte.

Politiet gjennomførte promillekontroll, men fann ingen med promille.