Sogn og Fjordane Skikrins består av 50 medlemslag og har om  lag 7500 aktive medlemer. Skikrinsen sitt formål er å arbeide for skiidretten si utvikling innanfor fylket og fremje samarbeidet med idrettslaga. Dei jobbar for at fleire ungdomar vel å vere aktive innanfor organisert idrett lengst mogleg,  og at det vert sikra eit godt sportsleg tilbod på satsingslaga i Sogn og Fjordane.

- Sogn og Fjordane Skikrins sitt arbeid  sikrar at ski er ein naturleg vinteraktivitet for flest mogleg born. Deira fokus er at aktiviteten er variert og prega av skiglede som gir meistring og gode opplevingar. Vi er stolte av å få vere med å vidareutvikle skikrinsen og vere ein støttespelar i den viktige jobben dei gjer for å skape skiglede for barn og unge, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

- Stor og viktig avtale for oss

Styreleiar Finn Årdal i Sogn og Fjordane Skikrins var fredag innom banken i Førde for å signere hovudsponsoravtala som no gjeld til 2020. Avtala har ein verdi på rundt 1,5 millionar kroner.

- Avtala gjer at vi kan tilrettelegge for skisport i heile Sogn og Fjordane. Skikrinsen er svært viktig for skisporten her i fylket. Vi har mange små klubbar som treng hjelp til å både administrere ski-aktivitetar for dei minste, men og tilrettelegge for dei som vil satse. Og det aller viktigaste for oss er jo å skape skiglede for alle barn og unge. Vi har hatt ei godt samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane i mange år, og er glad for at dei er med vidare. Dette er ei stor avtale for oss, og det er viktig å ha dei på laget, seier Finn Årdal.

Utviklingsprosjekter for unge skigåarar

Langrennsgruppa i skikrinsen har eit høgt aktivitetsnivå. Ei rekkje karusellrenn og cupar for born, med plass til rundt 1100 deltakarar kvart einaste år er nokre av desse. Vidare prioriterer skikrinsen ei rekkje viktige tiltak for å sikre god rekruttering og vidareutvikling av utøvarar som vil satse.

- Eit av prosjekta som banken ønskjer å løfte i samarbeidet er satsing på regionale utviklingsmiljø på klubb- og kretsnivå, seier marknadsjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad.

Gjennom denne satsinga skal krinsen sørge for gode utviklingsmogelegheiter for utøvarar i Sogn og Fjordane og gode treningsfellesskap på tvers av klubbgrensene. Dette er eit viktig for å halde på idrettsungdomen i Sogn og Fjordane og hindre utflytting.

Krinsen vil også ha ei eiga rekrutteringssatsing på målgruppa 12 til 16 år. Eigne jentesamlingar vil vere eit særskilt satsing i dette arbeidet.

Banken har vore sponsor for langrennsgruppa i skikrinsen i fleire tiår.

- Vi ser viktigheita av eit langsiktig samarbeid. Dette skapar svært gode relasjonar inn mot ski-miljøet og gir skisporten i Sogn og Fjordane kraft til å utvikle seg vidare, avsluttar Trond Teigene.