Kveen AS får oppdraget med vegutbetring på Ytre Skårhaug for Eid kommune. Innan utgangen av fristen  hadde det kome inn seks tilbod. Tilbodet frå Kveen vart vurdert til å vere det tilbodet med lågast pris og er derfor innstilt som vinnar av konkurransen.

Dei som har levert tilbod er Geir Sandal AS v/ Rune Eriksen, Kveen AS v/ Jon Gudbrand, Kveen Øvre-Flo, Mesta AS v/Bjørn Inge Falling, Norsand AS v/ Svein Vedvik, Per Røyrhus AS v/Salve A Røyrhus og Volda Maskin AS v/Jon Grebstad.

Karensperioden går ut 14.feb., og kontrakt blir ikkje skrive før fristen er ute.