Søndag er det fastelavnssøndag

Damene i Nordfjordeid Sanitetsforening har jobba iherdig for å lage fastelavnsris til søndag.

Damene i Nordfjordeid Sanitetsforening har jobba iherdig med å lage fastelavnsris.   Foto: Privat

Nordfjordeid Sanitetsforening er no klare for å selge fastelavnsris. 

Nyhende

Søndag 11. februar er det fastelavnssøndag. Kvart år vert det kjøpt fastelavnsris for omtrent 12 millionar kroner i Norge. Inntektene går til samfunnsnyttig arbeid, forsking på kvinnehelse og typiske kvinnesjukdommar.

No er dei klare

Når fastelavnssøndagen kjem har lokale sanitetsforeiningar over heile landet selde omtrent 160.000 ris.

– Medlemmar i sanitetsforeiningar har i heile januar arbeidd med fastelavnsrisa, og no er vi klare for sal. Du vil finne oss på Amfi heile veka. Vi kjem og på mange dører rundt omkring i bygdene, fortel damene i Nordfjordeid Sanitetsforening. Kjøpe du eit fastelavnsris bidrar du til å finansiere det frivillige arbeidet sanitetskvinnene utføre i Eid kommune, i tillegg til nasjonale tiltak.

På denne måten yter sanitetskvinnene store bidrag til lokale organisasjonar og institusjonar.

Lokale tiltak

– I fjor fekk Hogatunet bu- og omsorgssenter 25.000 kroner til innkjøp av piano. Året før var det Eid kyrkjetun som fekk midlar til oppgradering av utstyr til nattkafeen, opplyser den lokale risnemnda.

Det er årsmøtet i Nordfjordeid Sanitetsforening som vedtar kva inntektene frå fastelavnsrisa skal gå til. Årsmøtet er i dag tysdag 6. februar.

– Ta vel i mot oss - enten du treff oss på Amfi eller om vi ringe på døra di, er oppfordringane frå damene.