Elevar frå Natur & miljø har trava Nordfjordeid sentrum, og plukka søppel.

15-åringane Henrik Sørgulen, Kristoffer Vedvik Eikeset og Oliver Strømmen er litt sjokkert over alt dei har funne på kort tid.

Full sekk

– Etter tjue minutt så har eg full sekk, fastslår Oliver oppgitt.

– Dette er ikkje bra. Her er utruleg mykje plast og søppel som ligg rundt omkring, og så har vi funne mykje knust glas. Det er ikkje sånn det skal vere, seier Kristoffer.

Elevane minner om at søppelet dei har funne ikkje er langt unna søppeldunkar.

– At vi finn så mykje søppel er utruleg dumt. Kast heller søppelet i søppeldunkane som står rundt omkring, oppfordrar dei.

Ein tankevekkjar

Det er elevane som har valfaget Natur & miljø som har opprydding rundt om på Nordfjordeid sentrum på programmet.

Dei var fordelt både i Osvika, langs Fargarelva, Sagaparken og på Skårhaug.

– Vi har nettopp hatt om plast i valfaget. Dei prøver å bevisstgjere oss på skulen om kva plast gjer med naturen vår. At vi finn så mykje plast her no er ein tankevekkar, innrømmer dei.

Påverkar

Som laksefiskar har Kristoffer fått med seg informasjonen i media siste tida om at fisk får i seg mikroplast, og at vi menneske så får i oss dette når vi et fisken.

– All denne plasten påverkar oss, seier dei.