Statens vegvesen har i dag hatt tungtransportkontroll og  køyre-/kviletidskontroll på Kjøs.

Ein bilførar måtte laste om fordi køyretøyet var for breitt, lasta stakk ut for køyretøyet på begge sider.

Ein bilførar vart meld for fleire brot på køyre- og kviletidsregelverket.

To bilførarar fekk bruksforbod for sikthindrande ting i frontrute.

Kontrollen varte frå kl 09.15 til kl. 14.30.

Det var tre deltakarar frå Statens vegvesen med og dei kontrollerte 17 køyretøy.

I alt 33 køyretøy var inne på kontrollplassen.