Både administrasjonsutvalet og formannskapet i Selje har i dag samrøystes gått inn for at Kristine Dahl skal bli ny rådmann i Selje. Kommunestyret i Selje skal gjere endeleg vedtak i løpet av ettermiddagen.

Dahl har tidlegare uttalt til Fjordabladet at ho takkar ja dersom ho får tilbod om stillinga.

Oppdatering:

Pressemelding frå Selje kommune:

"Kristine Dahl tilsett som ny rådmann

Kristine Dahl er tilsett som ny rådmann i Selje kommune. Ho tek til i stillinga 9. februar, og fortset også som prosjektkoordinator i Stad2020.

-  Mange tenkjer nok at ein slik kombinasjon er krevjande. Eg tenkjer at den gjev moglegheiter. Fellesnemnda for Eid og Selje ønskjer at vi skal starte samordning av avdelingane i Eid og Selje så snart vi er klare for det, og eg tenkjer at det er ein fordel for både prosessen og dei tilsette at begge rådmenna er involvert i både dagleg drift og i arbeidet med kommunesamanslåing. Det er dei to kommunestyra som sit med endeleg avgjerslemynde når det gjeld vedtak om formelt samarbeid mellom Eid og Selje, seier Kristine Dahl, som gler seg til å ta fatt på jobben.

Kommunestyret i Selje gjekk samrøystes inn for å tilsette Dahl i møtet onsdag.

- Eg er sikker på at Kristine Dahl vil verte ein solid og god rådmann for Selje. Vi valde ho ut i frå hennar kompetanse og erfaring frå kommunal verksemd, ikkje minst hennar leiarerfaring i offentleg og kommunal forvaltning. At ho er godt kjend med Eid kommune gjennom fleire år er heller ingen ulempe, sjølv om dette ikkje var det avgjerande for tilsettinga. Vi ser fram til å få ho i rådmannsstolen og at ho tek over stafettpinnen frå rådmann Ørnulf Lillestøl, som har leia kommunen på ein framifrå måte, seier ordførar Stein Robert Osdal i Selje kommune.

Eid og Selje kommunar skal som kjent verte Stad kommune frå 1. januar 2020.

- Eg har respekt for den kompleksiteten som ligg i å slå saman to organisasjonar og foreine to kommunar. Eg har som mål å raskt skaffe meg endå betre kunnskap om organisasjonen Selje kommune og Selje kommune som samfunn. Eg håpar at denne kunnskapen skal utvide perspektivet mitt, slik at eg saman med andre kan ta kloke og strategisk riktige val både for Selje og framtidige Stad kommune, seier Dahl.

Sjølv som ein no jobbar framover mot samanslåinga av dei kommunane, er Dahl tydeleg på at ho er rådmann i Selje fram til Stad kommune blir ein realitet.

- Selje kommune er ein sjølvstendig kommune fram til 1. januar 2020, og fram til då er eg rådmann i Selje. Eg kjem til å ha fokus på å følgje opp politiske vedtak og vere den øvste administrative leiaren som gjev retning for arbeidet i kommunen. I tillegg er eg oppteken av at vi raskt kjem i gang med ei formell samhandling med Eid på utvalde tenesteområde, og at vi kan utnytte kvarandre sine ressursar på ein best mogleg måte, seier ho.

Dahl er 36 år, utdanna jurist og jobbar i dag som prosjektkoordinator i Stad2020. Ho har tidlegare erfaring som plan og utviklingssjef i Eid kommune, sensor og førelesar ved Universitetet i Bergen og rådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland og Bergen kommune.

Selje kommune lyste ut stillinga som rådmann etter at noverande rådmann Ørnulf Lillestøl sa opp stillinga si i november. Ei innstillingsnemnd beståande av ordførar Stein Robert Osdal, varaordførar Jan Vidar Smenes, Geir Årvik (H), Judith Kvåle (Tvp), Sissel Solheim (HTV- Fagforbundet) og Hilde Honningsvåg (HTV – Delta) har jobba med tilsettinga av ny rådmann. Det var totalt åtte søkjarar til stillinga."