Vart pålagd kvile

Ein sjåfør måtte kvile før han fekk køyre vidare, då Statens vegvesen heldt kontroll på Kjøs.
Nyhende

Kontrollen vart halden frå klokka åtte om kvelden tysdag til klokka fire natt til onsdag. I alt var 29 køyretøy inne på kontrollplassen. Av desse vart 19 kontrollert.

Ein sjåfår vart pålagd døgnkvil før han kunne køyre vidare.

To sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontvindauge før vidare køyring.