No har også interessa frå andre aktørar for å etablere seg på Nordfjordeid eksplodert, stadfestar ordførar Alfred Bjørlo i dagens avis.

Vi trur at aktivitet avlar aktivitet. Men der er også butikkar på Nordfjordeid som vil merke ein tøffare konkurranse. Samtidig trur vi at det er netthandel og ikkje andre butikkar som er den største konkurrenten. Vi nordfjordingar bør kanskje vere endå meir medvitne om kvar vi handlar – er det naudsynt å ty til netthandel om vi finn dei same varene her i Nordfjord?

I avisa i dag kan ein også lese at det er kvinneoverskot i Selje og manneoverskot i Eid. No skal vi snart gifte oss til nye Stad, og tala vert kanskje litt utjamna. Men samtidig er det ein tankevekkar for både politikarar og næringslivsaktørar. Korleis gjer vi regionen vår meir attraktiv for å få fleire menn til Selje og kva er bakgrunnen for at det er for lite kvinner i Eid? Ferske tal viser at ubalansen i Eid har oppstått i perioden 2000–2017 og at den berre aukar.

Samtidig veit vi at Eid er ein av dei kommunane som har ein folketalsauke, siste ti åra har det vorte 200 fleire personar i Eid. Tala viser også at i Eid vil talet på eldre over 67 år auke, ein vil få færre i arbeidsfør alder og talet på barn og unge vil gå ned. Det er ingen ønskjesituasjon. Vi må med andre ord få fleire unge kvinner som vil ha ungar til å kome til Eid.

Vi er einig med Kjell Arvid Storeide som på handelsmøtet torsdag påpeikte at det er viktig å ha balansert utvikling som skapar bulyst. Handel, oppleving/kultur og reiseliv må sjåast i samanheng, og entreprenørar, eldsjeler og offentlege aktørar må jobbe på lag. Vi må gjere oss attraktive for at dagens unge blir verande eller vil kome heim igjen. Vi må vise at vi har vilje til vekst, og at vi bur i ein region med driv.