Ecobait AS

14 millionar frå Forskningsrådet

Måløy-verksemda Ecobait AS får 14 millionar frå Forskningsrådet for vidare forsking på kunstig agn til bruk på line og teine.

Ole Petter Humborstad. Daglig leder Ecobait AS til venstre. Arild Årvik, styremedlem Ecobait AS i midten, og Kåre Furnes, styreleder Ervik Havfiske til høgre. Ervik Havfiske er aksjonær i Ecobait AS.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Dette melder bedrifta, som driv aktivt med forsking og utvikling i ei pressemelding. Berksemda har allereie knytt til seg ein svært dyktig Nærings-ph.d., Dejan Knezevic, og fem studentar på bachelor- og masternivå frå Norges miljø- og biovitenskapelig universitet (NMBU).

Utspring i Måløy

Selskapet har utspring i fiskerimiljøet i Måløy med tidligare linebåtreiar Kåre Furnes i spissen. Ecobait AS har no aksjonærar frå 18 linereiarlag frå heile landet, og Fiskernes Agnforsyning i Tromsø. Styreleiar er skipper og linebåtreiar, Jan Ove Langeland, frå Bremanger.

–Denne støtta er svært oppmuntrande og betyr veldig mykje for oss. Vi takkar for tilliten Forskningsrådet har vist oss. Vi har bygd opp eit kompetent team rundt Ecobait med professor Trond Storebakken ved NMBU som fagleg vegleiar med stor kunnskap og erfaring innan våre fagfelt. Ecobait har også ein stor styrke i aktive eigarar som heile tida bidreg med faglege innspel og utfører testing av forskjellige typar agn, seier Ole Petter Humborstad, dagleg leiar i Ecobait AS.

Fem arbeidspakkar

Søknaden til Forskningsrådet bestod av fem arbeidspakker knytt til line og teineagn, og inkluderer etablering av FoU eining for agnprosessering i Måløy. Bedrifta har utstrekt samarbeid med NMBU. Andre deltakarar i prosjektet er blant andre bedriftsrådgjevingsselskapet Segel, Havforskningsinstituttet og Universidade do Minho i Portugal.

–Dette er eit forskings- og utviklingsprosjekt, og vi har ingen garanti for å lukkast. Men desse midlane frå Forskningsrådet og teamet vi no har bygd rundt Ecobait aukar moglegheita for måloppnåing, seier Ole Petter Humborstad.