Det sa Siri Sandvik då ho i framkant av kommunestyremøtet sist torsdag stilte spørsmål om Eid kommune kunne ta eit initiativ til ei brei markering av kvinnedagen 2018.

Høgst aktuelt no

–Å få til eit breitt arrangement no, er høgst aktuelt. Heile samfunnet, politiske parti, næringsliv og lag og organisasjonar har vore prega av alle avsløringane om overgrep og trakassering. Tidlegare år har det vore slik at eg og ein del andre frå SV har stått bak arrangement på kvinnedagen. Skal det blir større og meir omfattande enn tidlegare år, er det fleire som må bidra, sa Siri Sandvik som er glad for at ordførar Alfred Bjørlo kom med ei sterk oppmoding til dei politiske partia som er representert i kommunestyret om å bidra til eit breiare og større 8. mars arrangement i 2018.

–Eg håper verkeleg at vi saman med alle gode krefter skal få det til, seier Siri Sandvik.