780 såg årets russerevy

– Det er veldig bra å få så god respons

BEGEISTRA PUBLIKUM med dans: Håkon Berg Nes i fremste rekkje gav publikum bakoversveis med Daddy – Psy.  Foto: Anna Wuttudal

SVELER til Alle: Asbjørn Brekke (Matias Lesto Larsen) redda dagen ved å bringe sveler på avvegar til riktig adresse i den flotte villaen der Mats Andersson (Matias Navelsaker) t.h. hadde fest.  Foto: Anna Wuttudal

MYKJE LATTER OG APPLAUS: Avgangselevane på Eid vgs. leverte ei fartsfylt og underhaldande framsyning som hausta mykje latter og applaus. Til saman 780 publikummarar fekk med seg årets russerevy ”Ville Villa Nordfjord” der kring 60 russ var med på scena.  Foto: Anna Wuttudal

MYSTISK FORSVINNING: Madcongutta Tshawe (Steve Siibondagara) og Yosef (Abdinazir M. Abdi) forsvann frå festen og vakna opp på Ibiza saman med Lothepus (Arne Olai Midtbø).  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

Revysjefane Håkon Bøen, Frida Myklebust, Eline Lillestøl og Martha Pavelich har gjort ein fantastisk jobb og fortener mykje skryt for at årets russerevy vart ein suksess.

Til saman 780 publikummarar fekk med seg revyen ”Ville Villa Nordfjord” der kring 60 av avgangselevane ved Eid vgs. var med på scena.

– Vi er storfornøgde med resultatet. Vi har fått gode tilbakemeldingar, det er mange som har stoppa oss og sagt at vi var flinke og at det var moro, fortel Håkon Bøen.

– Kva er de aller mest fornøgde med sjølve?

– Vi er aller mest fornøgde med den gode mottakinga som vi fekk frå publikum med mykje latter og applaus. Det er veldig bra å få så god respons.

Dei fire revysjefane har gjort det meste av jobben med manus, men har også fått god hjelp og innspel av Matias Navelsaker og andre av elevane.

Russen byrja planlegginga av revyen tidleg i haust med audition og manus var ferdig like etter nyttår. Dei to siste vekene før premieren var det intens øving, og det vart mange seine kveldar.

Det er mange som har stått på, men Bøen trekkjer spesielt fram Eline Lillestøl som har hatt koreografien for alle dansenummera.

– Ho fortener ein ekstra blome.