Fest hos Lefdal Datacenter-ikon Mats Andersson, godt spelt av Matias Navelsaker, var ramma rundt årets russerevy på Nordfjordeid.  Med ei god blanding av lett gjenkjennelege lokale og nasjonale kjendisar var det duka for party med Lothepils og forviklingar både med feilsending av sveler og kjendisar som vart borte vekk. Politiet vart kopla inn og det vart gjennomført razzia på Bjørlo. Meir skal vi ikkje røpe for dei som skal sjå framsyninga i morgon, men det er berre å gle seg til ein forrykande kveld med mange gode song- og skodespelarprestasjonar og ikkje minst fantastisk flotte dansenummer, der det med Håkon Berg Nes i front var eit høgdepunkt.

Håkon Bøen var supergod som ordførar Alfred Bjørlo, Cara E.R. Strand suveren som Mats sin assistent Helga Didrikke Sundal og Madcongutta Abdinazir M. Abdi som Yosef og Steve Siibondagara som Tshawe må berre opplevast.

Absolutt sjåverdig og fartsfylt revy med pluss for tydeleg tale, gode songtekstar og korte innslag med humoristiske poeng. Kjekt å sjå at mange, ikkje berre dei aller mest scenevante ungdommane fekk utfalde seg.