Det Ommedal ville ha svar på, var om ordføraren opplevde tryggingstiltaka ved masseuttaket på Skårhaug som tilfredsstillande no? Vidare om den kommunale vegen er trygg og god stand slik stoda no er?

Trygt og godkjent

–Driftskonsesjon for massetak Ytre skårhaug vart godkjend av Direktoratet for Mineralforvaltning (DMF) 04. desember 2017. DMF sende søknaden på høyring i 2016, og kommunen var ein av fleire høyringspartar. Kommunen sin uttale vart handsama av Teknisk- og samfunnsutval (TSU),  og det vart lagt fram fleire innspel til konkrete avbøtande tiltak og vilkår som burde stillast i driftskonsesjonen. I saksutgreiinga frå DMF er alle merknader frå naboar, kommunen og andre styresmakter vurdert, og det er kommentert kva ansvar som ligg til dei aktuelle aktørane, sa Alfred Bjørlo i sitt svar og viste til at driftskonsesjonen føreset at tiltakshavar pliktar å drive massetaket innanfor gjeldande lov- og regelverk, og ulike styresmakter fører tilsyn med at dette vert følgd opp.

–Direktoratet for Mineralforvaltning har tilsynsplikt etter minerallova og skal føre tilsyn med at (sitat):

a) undersøkelse, herunder prøveuttak, og drift foregår på en bergfaglig forsvarlig måte i samsvar med lovens krav,

b) vilkår, godkjent driftsplan og pålegg gitt i eller i medhold av denne lov overholdes,

c) sikrings- og oppryddingsplikten etterleves, og

d) arbeider ikke fører til unødvendig forurensning eller unødvendig skade på miljøet.

Tillit

–Fylkesmannen er ansvarleg myndigheit knytt til støy og anna ureining, medan kommunen skal sjå til at plan og bygningslova vert følgd. Ordføraren har tillit til at offentlege styresmakter følgjer opp dette ansvaret. Det vert elles spurd om den kommunale vegen er i trygg og god stand. Vegen var stengd ei lang periode i 2017 grunna rasfare. Tryggleiken vart vurdert før vegen vart opna for allmenn ferdsel. Eg kan seie at vegen er trygg, men at den ikkje har god standard, sa Bjørlo som viste til at vegen skal oppgraderast i 2018.

–Arbeidet har vore ute på anbod, og val av tilbydar vert gjort denne veka (veke 5). Framdriftsplan vil verte orientert om når kontrakt er signert, sa ordførar Alfred Bjørlo.