Vi registrerer at det er eit stort sprik mellom den lange ønskjelista og kva Eid kommune har av pengar til rådvelde. Kommunen har allereie ei utruleg stor lånegjeld, og vi meiner det er tid for å prioritere strengt sjølv om det er mange gode føremål på ønskjelista.

Politikarane i Eid må i tida framover ta mange viktige avgjersler; ikkje minst når det gjeld handel og sentrumsutvikling. Korleis kan ein legge til rette for at Nordfjordeid i praksis blir eit regionalt senter og i større grad får regionale funksjonar? Aldri før har det vel vore viktigare å løfte blikket, og ikkje berre sjå snevre næringsinteresser. Ein må sjå det overordna, og ikkje la seg presse av sterke kortsiktige nærings- og fritidsinteresser når det gjeld bruk av areal i sentrum. Dette kan til dømes gjelde bruk av Eid stadion og andre ledige areal. Ein må sjå både ti-tjue og tretti år fram i tid, når ein tek slike avgjersler, på same måte som ein har gjort med å sikre rikeleg med bustadtomter.

Selje og Eid, og no også Bryggja, må sjå ting i samanheng, stikke fingeren i jorda for å finne fram til kva som er behova for framtida i nye Stad. Vi reknar med at det er ein skuledebatt i emning, om kor mange skular ein har råd til å behalde.

Sentrumsskulen på Nordfjordeid har auka press. Enkelte klasserom er i dag «sprengde», og signala er at det er behov for utviding.

Eid har vore flinke til å gjere seg meir attraktivt, og ein har fått eit trivelegare sentrum. Men vi trur ønskjelista politikarane har fått presentert er for stor i forhold til kva ein har råd til.