Korleis ein skulle formulere, og ikkje minst nå samfunnsmålet til Stad kommune var tema då Fellesnemnda Stad kommune hadde møte på Nordfjord hotell sist torsdag. For politikarar som er vande med å halde seg til det jordnære, og løyse dei daglege utfordringane gjennom budsjett og politiske vedtak, var det som blei lagt fram vel teoretisk og slagordprega.

Engasjer og motivere

For å hjelpe til med jobben for å formulere korleis ein skal jobbe for å skape ein god kommune for innbyggarane har fellesnemnda engasjert fleire konsulentar. Lokal er Trond Håvik, frå Segel, engasjert for å seie noko om bu-attraktivitet, og korleis frivillig lag og organisasjonar skal kunne vere med å bidra til trivsel i kommunen og dei ulike bygdene.

– For meg handlar dette om kommune si rolle i forhold til å motivere, engasjer og integrere i arbeidet med å skape ein livskraftig kommune der alle gode krefter dreg i lag. Er det vanskeleg. Etter mitt syn er det ikkje vanskeleg om heile bodskapen er klar og inkluderande. Det handlar altså om samskaping mellom kommune, lag og organisasjonar og bedrifter. Eit anna spørsmål, som kanskje er meir krevjande, er korleis ein skal utfordre enkeltpersonar og grupper av personar for å oppnå dei måla ein set seg. Eg trur det handlar om bidrag, ansvar og korleis individet greier å utfordre seg sjølv, sa Trond Håvik då han presenterte nokre tankar om korleis han har tenkt å jobbe vidare med dei oppgåvene som Fellesnemnda har bedt han om å sjå nærmare på.

Næringslivet

Olav Hjelle, som gjekk av som regionbankdirektør i Sparebanken Vest ved årsskiftet der han gjennom mange år har hatt sitt arbeidsfelt retta inn mot næringsliv, har fått i oppdrag av Fellesnemnda å lage ein rapport om korleis næringslivet ser og forventar at Stad kommune skal jobbe, og ikkje minst kva tenester som er sentrale for næringslivet.

– Eg ser føre meg to undersøkingar. Ei undersøking som rettar seg mot næringslivet og ei undersøking som rettar seg mot administrasjon, politikarar og eit utval av tilsette i kommunen. Ein del av det eg tenkjer å få svar på er korleis dei kommunale tenestene er sett frå næringslivet sin ståstad. Eg vil sjå på bransjar, enkeltverksemder, og korleis samspelet er mellom kommune og bedrift. I arbeidet kjem eg til å trekke vekslar på nyskipa Stad Vekst. Planen er at mine undersøkingar skal vere klare til påske i inneverande år, sa Olav Hjelle som understreka at næringsutvikling og arealplanlegging vil stå sentralt i arbeidet.

Spesialistane

Innleiingsvis var vi innom samfunnsmålet til Stad kommune. Spørsmålet, det aller viktigaste, er korleis nå samfunnsmålet ein set seg? Nokre av svara som konsulentane Knut Bårdsen, frå Nordic Change som jobbar med endringar og omstillingar i privat næringsliv og offentleg sektor, og Jan Høegh, som kjem frå BDO Norge som jobbar med Revisjon, rekneskap, rådgjeving og advokattenester, hadde var samordna samskaping, heilskapleg og effektiv tenesteyting, tilflytting, helst barnefamiliar og ein offensiv utviklingskultur, ein såkalla x-faktor.

Stor jobb

Politikarane var stort sett mottakarar på sjølve møtet i fellesnemnda, sjølv om dei hadde sine avbrekk der dei i grupper diskuterte noko av det som vart presentert. Men ut frå det som kom fram, sjølv om det vart lite drøfta i plenum, så handla det i store trekk om å sette innbyggaren i sentrum og forstå det eigentlege behovet. Då handlar det om å overskride organisatoriske- og sektorgrenser og tenkje heilskapleg, og ikkje minst opne kommunen mot omgjevnadane. Det handlar om at innbyggarar, pårørande, næringsliv, frivillig sektor, sosiale entreprenørar, kunnskapsmiljø med meir blir samskaparar. Alt dette krev samarbeid på tvers av fagområda i kommunen, og ikkje minst at leiing blir utfordra på kompetanse og kultur i kommunen.

Dette er ein stor jobb, som vil ta tid. Konklusjonen på møtet sist torsdag er at fellesnemnda vedtok at; «Stad er eit livskraftig samfunn der vi alle dreg i lag».

Samhandling: Rådmann i Eid Åslaug Krogsæter er prosjektleiar i arbeidet med å slå saman Selje og Eid, og med det også leiar for den store jobben med å byggje ein livskraftig kommune der alle dreg i lag. Foto: Tormod Flatebø