–Det viktigaste for oss er å sette sjansane vi får. Vi har litt for dårleg tempo i laget enno, difor dett vi litt gjennom når vi møter lag som held høgt tempo i spelet sitt, sa trenar for Eid sitt damelag, Geir Dale, til Fjordabladet før heimekampen mot Syril.

Balltap og bom

Det var ikkje stor skilnad på laga dei første 30 minutta. Begge lag slurva med sjansane, og hadde for mange unødvendige balltap. Det var heimelaget som fekk det første målet. Utover i omgangen leie Eid med eitt mål, men Syril greidde stort sett å utlikne. Etter halvspelt omgang kunne det sjå ut som om gjestane frå Sogn skulle få eit overtak. Sogningane var oppe i ei tremålsleiing (4-7). Men Eid var flinke og greidde utlikne leiinga. Då det stod eitt par minutt att av omgangen var det Eid som hadde tatt over og kunne gå til pause med 11–9 leiing, etter ein rotete omgang frå begge lag.

Jamt

Det vart ein tøff kamp i andre omgang. Heimelaget greidde å halde seg eitt og to mål føre Syril, heilt til det var spelt 17 minutt. Då utlikna Syril til 15–15. Fram til den tid hadde Syril bomma på mange av sjansane dei fekk, i tillegg til at Eid sin keeper gjorde fleire gode redningar. det skal leggast til at også Syril sin keeper, Ane Bjørk storspelte, og gjorde jobben vanskeleg for heimelaget. Då kampen var bikka 22 minutt hadde heimelaget på nytt greidd å opparbeide seg ei tomålsleiing. Denne leiinga greidde Eid å halde til det stod vel minuttet att av kampen. 30 sekund før sluttsignal scora Syril, og reduserte leiinga til Eid til eitt mål. men med 25 sekund att av kampen, og Eid med i angrep rekna alle på tribunen bok med at to poeng var sikra, men på forunderleg vis greidde heimelaget å rote bort ballen. Syril gjekk rett i angrep og utlikna til 18–18 sekundet før sluttsignalet gjekk. Eid viste mykje bra. Greie laget å score på sjansane vil dei hente mange poeng i framhaldet. Det er dette laget godt nok til å kunne greie.

Laget (mål i parentes)

Lene Ueland, Susann Sørland Barlla (3), Anne Espelund Myklebust (4), Maria Vangberg, Vilde Johansen, Mette Lise Bakke (4), Leni Aardal Venes, Helene Pernille Leivdal (1), Maria Øygard (1), Kristine Remme Nilsen, Amalie Hjellbakk Smørdal, Synne Eline Rotihaug Pisani (4) og Julie Sæten (1).

Knallhard: Mette Lise Bakke var tøff i duellane, både framover på banen og i forsvar. Her er Bakke gjennom og set inn eitt av sine fire mål. Foto: Tormod Flatebø
Dirigent: Synne Eline Rotihaug Pisani var god både som ballfordelar, og skyttar. Totalt notere ho seg for mange gode assist og fire mål. Foto: Tormod Flatebø