– Vi håper mange kjem. I fjor hadde vi bra oppmøte med over 60 som kom innom. Vi ønskjer samspel og kommunikasjon om kva dei frivillige ønskjer og kva dei ønskjer av oss, seier Eli Leikanger. Dei konstaterer at det var eit veldig godt møte i fjor.

Tema er samspel og samarbeid mellom frivillige og kommunal sektor – utarbeiding av frivilligpolitisk plattform for Eid kommune. Bakgrunnen er at kommunen ønskjer medverknad frå lag og organisasjonar i sluttføringa av arbeidet med utarbeiding av frivilligpolitikken.

Det heile byggjer på ein frivilligpolitisk plattform, som ein no har klart eit utkast til.

– Der har ein fått med fleire av innspela som kom fram i fjor, seier Geir Holmen. Mellom anna ønskte dei frivillige eit fast møtepunkt med kommunen som ein no har vidareført.

Frivilligsentralen har vore dei frivillige sitt kontaktpunkt.

– Vi set samhandling mellom dei frivillige i system. Dei frivillige har stadig nye krav å ta omsyn til, og vi vil hjelpe dei for å gjere det enklare, seier Astrid Grete Torheim.