På eit møte på Flatraket i november 2017 handsama Kommunestyret i Selje sak om eit eventuelt kjøp av kommunehuset. På dette møtet valde Kommunestyret, med 13 mot fire røyster å utsetje saka. Samstundes bad Kommunestyret om ein grundig og utfyllande informasjon frå administrasjonen om tilstand, vedlikehaldsstatus og kva behov det ville vere for utbetringar før eit eventuelt kjøp av kommunehuset. Det vart også bedt om at sak med ei grundig utgreiing vart lagt fram i mars i inneverande år. Til formannskapsmøtet i morgon, onsdag 24. januar, legg rådmannen fram saka på nytt. No med det rådmannen meiner er oppdatert teknisk status for kommunehuset. Dette er Anfinn Sjåstad, leiar i Selje Framstegsparti, veldig usamd i.

Skuffa

–Eg er veldig skuffa over at administrasjonen i Selje kommune ikkje gjer det politikarane bad om, nemleg å legge fram ei skikkeleg oppdatert utgreiing om status for kommunehuset. Det som ligg på bordet frå rådmannen si side er meir synsing enn ei skikkeleg utgreiing, seier Anfinn Sjåstad, leiar i Selje Framstegsparti, som meiner politikarane berre har ein ting å gjere.

–Når vi får saka opp no, med ei elendig saksutgreiing, forventar eg at fleirtalet i formannskapet sender saka tilbake til administrasjonen med krav om ei grundig utgreiing, slik ein vedtok då saka vart utsett i november. Eg har problem med å forstå kvifor administrasjonen har slik hastverk i denne saka, så lenge som kommunestyret bad om å få saka i mars, og ikkje i januar, seier Anfinn Sjåstad som er uroleg får kva ein auke i lånegjelda kan føre til.

Uroa for økonomien

–Eg er opptatt av økonomien til Selje kommune. Vi har hatt ein skikklege ryddejobb og kome oss ut av Robek. Dersom vi no må ta opp eit nytt stort lån for å kjøpe kommunehuset, før vi veit vedlikehaldsstatus på bygget, er eg redd for at vi mister det økonomiske handlingsrommet vi har, seier Sjåstad som også er uro for at andre viktige oppgåver blir sett på vent.

–Det viktigaste for meg er at Selje kommune, seienar Stad kommune, skal levere gode basistenester på barnehage, skule og helse. Dersom vi no nyttar eitt par titals millionar kroner til å kjøpe eit bygg som vi ikkje kjenner status på, kan det føre til at barnehagen i Selje sentrum ikkje får den naudsynte opprustinga barnehagen sårt treng, seier Anfinn Sjåstad som forventar at politikarane i Selje ikkje gjer vedtak om kjøp no.

Må vite at det rett

–Er du ein ihuga motstandar av at Selje kommune skal kjøpe kommunehuset?

–Eg er slett ikkje prinsipielt imot at Selje kommune skal kjøpe kommunehuset. Poenget mitt er at dersom vi skal kjøpe kommunehuset, må vi vite at det vi gjer er rett, seier han.