I Fjordabladet frå 8. juli 1982 kan vi lese om Yri-tomta.

Det blei arbeidd med planar om nybygg på Yritomta, aust for Yris Hotell. Førebels planar gjekk ut på å nytte bygningane til kontor, men det var og på tale med restaurant i tilknyting til den gamle gjestgjevarstaden Yri. Reguleringsarkitektane i Trondheim hadde kome med to alternative skisseframlegg til innpassing av eit nytt bygningskompleks mellom Yri Hotell og Boalthlada. Bygningane skulle vere i stil med eksisterande bygningar.

Vilhelm Yri kjøpte i 1909 den gamle gjestgjevarstaden på Gjerde.

Her brukte han den store hovudbygningen til Yris Hotell som han dreiv til han døydde i 1917.

Hotelldrifta i det gamle og freda hovudhuset blei slutt på 1970-talet. Huset har dei siste åra blitt restaurert og taka er skifta. Det er i dag ingen form for drift av hovudhuset. Området mellom Yris og Boalthlada er utbygt. Fjordabladet har eit vakker og sentralt plassert bygg, og i det nye Yritunet er der sjølveigande leilegheiter.

Bygningane som blei planlagt 1982 skulle vere i stil med eksisterande bygningar.
Lokalavisa hadde kontor i Øyane, før ein flytte til Yri-tomta.