Dei skal saman med franskgruppa si ved Måløy vidaregåande skule studere fransk språk og kultur i den kjende hovudstaden. Berre nokre få i klassa har vore i Frankrike før.

– Vi gler oss til alt eigentleg! Å få oppleve Paris, ein by vi aldri har vore i, få bruke språket vi har lært og å reise saman med vennane våre i klassa blir veldig kjekt, seier Maria Steenslid Hopland og Andrine Vinge frå Flatraket.

Språkinstitutt

I mars reiser franskgruppa i 2sta til Paris i 9 dagar for å vere elevar på språkinstituttet Eurocentres. Sidan dei er så mange, blir elevane delte i to klasser. Her skal dei ha 25 timar med fransk på seks vekedagar, og i klasserommet blir det berre snakka fransk.

– Måløy vidaregåande skule har samarbeidd med Eurocentres sidan 2001, og vi har veldig gode erfaringar med både opplegget og lærarane der, fortel Kjellrun Åsebø som er fransklæraren til elevane.

Nytt samarbeid

Måløy vidaregåande skule var tidleg ute med å jobbe med internasjonalisering og har i 17 år samarbeidd med ulike skular og bedrifter i byen La Rochelle som ligg på vestkysten. Elevar har fått gått på skule og arbeidd i restaurantar, bakeri og på oppdrettsanlegg og dette har vore verdifull læring og spennande opplevingar.

– Dette skuleåret blir det forandring i planane for elevane på studieførebuande på grunn av nokre nye reglar i skuleverket. Vi må derfor reise til ein by som ligg nærare i reisetid og vi satsar derfor på å legge grunnlaget for eit nytt, godt samarbeid i Paris, fortset Åsebø.

På programmet står ikkje berre skule, men òg blant anna fransk mat, kultur, kunst og historie.

–Det å få eit innblikk i korleis dei lever i Paris og fransk kultur generelt blir spennande. Å få høyre ekte fransk og bruke det eg har lært på ein annan måte, er noko eg ser fram, seier Felicia Nalbant Nordpoll frå Flatraket.

– Først og fremst gler eg meg til å lære endå meir fransk og bruke det eg kan, seier Matilde Sjåstad Krøvel frå Stadlandet. I tillegg er dette mi første reise utan familie, så ein lærar jo å bli meir sjølvstendig på ein slik studietur òg, fortset ho.

Dette er noko av det viktigaste ifølgje Åsebø.

– Det er viktig at ungdommane får teste ut noko av det dei har lært og prøve å klare seg litt sjølve på fransk. Det er ein god følelse å oppleve at ein forstår og blir forstått. Eg håper dette motiverer dei til å lære endå meir fransk, og at dei ser at fransk språk er viktig både på reise og i mange ulike jobbar, understreker Åsebø.

Troll gjer det mogleg

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) delar ut stipend til elevar og lærarar gjennom Trollavtalen. Det er sett av til saman om lag 2 millionar kroner til desse stipenda og Måløy vidaregåande har tidlegare òg fått slike stipend.

– Sidan vi endrar opplegget vårt litt, er vi i år ekstra takknemlege og glade for at vi har fått 100.000 kroner i Trollstipend til dette studieopphaldet. Det kjem godt med, og gjer at slike turar framleis er moglege. Elevane arbeider i tillegg i ei ungdomsbedrift for å samle inn resten av pengane dei treng for å finansiere studieturen, forklarer Åsebø som legg til at turen til Paris òg gir lærarane moglegheita til å bygge opp eit nytt studieopplegg.

Maria Steenslid Hopland (f.v), Matilde Sjåstad Krøvel, Andrine Vinge og Felicia Nalbant Nordpoll. Foto: Kjellrun Åsebø