Utan erfaring med kafédrift, gjekk dei optimistisk i gang for å skape noko nytt og positivt i ei litt «deppa» bygd. Og publikum har vist at dei har sett pris på initiativet. Kafeen har vore ein viktig møteplass i ei heimekoseleg atmosfære.

Christine Lillesalt fortel til Fjordabladet at dei hadde ein bra sommar, men vinteren har vore rolegare som venta. Ho seier vidare at det ikkje er økonomisk grunnlag for to drivarar, men det er ikkje aktuelt for nokon av systrene å drive vidare åleine.

På spørsmål om kva dei skal gjere no fortel Lillesalt at ho utdanna helsefagarbeidar og søkjer jobb innan helsesektoren, medan Hatlenes går tilbake til jobb i Pelagia.

Lillesalt opplyser at dei ser etter folk som kan ta over etter dei, men så langt har ingen meldt seg.

− For ein person med litt ekstrahjelp, burde det bli eit brukbart levebrød, avsluttar ho.

Det var fjt.no som først omtala saka.