Første helga i mars vil Opera Nordfjord reise rundt med sitt vårprogram, som er ein konsert med spelmusikk. Premieren blir i Sogndal fredag 2. mars, Operahuset Nordfjord laurdag 3. mars og Ålesund søndag 4. mars.

70 i koret

Øvingane for koret starta opp her på Nordfjordeid rett etter nyttår, med lokale songarar frå Eid og omegn.  No på søndag blir det øving, og det blir satsa på kvar søndagskveld framover. Så langt er det ti lokale songarar frå Nordfjord som er med i koret, og operasjef Kari Standal Pavelich ønskjer at fleire skal bli med. Håpet er å få til eit storkor på minst 70 songarar. Og med allereie 50 frå Sunnmøre er dette målet innan rekkjevidde. Frå Volda skal Høgskulekoret med rundt 30 medlemmer vere med, og koret STEMT frå Volda/Ørsta med 20 songarar har også starta øvingane.

–For lokale songarar er det berre å møte opp på søndag. Vi har nettopp starta med å øve til denne konsertturnéen, og det er ikkje så vanskeleg musikk å lære seg. Mange unge kjenner godt til denne spelmusikken og dei er velkomne til å vere med i koret. Men vi ønskjer oss songarar i alle aldrar, til og med dei som går på ungdomsskulen og oppover, seier Standal Pavelich.

Ulike spel

Dersom du er mellom 18 og 40 år, er spelmusikk eit kjend omgrep. Kanskje du vaks opp på 80- og 90-talet med ikoniske Mario, Zelda, Sonic og Megaman som ekstra bestevenner, eller på 2000- og 2010-talet og framleis er aktiv spelar og elskar fantasyspel som World of Warcraft, Skyrim og Halo? Då har du mest sannsynleg eit ganske lidenskapeleg forhold til spelmusikken til dine favorittspel. Om du er ein tradisjonell operapublikummar som elskar klassisk musikk og opera, kan spelmusikk vere ei ny og annleis oppleving.

Frå Sverige

Score er eit spelmusikkonsept frå Sverige. Spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström og sopransolist Sabina Zweiacker skal saman med operaorkesteret, eit samansett kor og dirigent Michael Pavelich presentere eit variert og spennande konsertprogram med utdrag frå spela Final Fantasy, Assassin’s Creed, Battlefield, The Last of Us, Bloodborne og Journey med fleire.

Ny utfordring

Elizabeth Oltedal er saman med Magnar Åm dirigent for Høgskulekoret i Volda. Dei er godt i gang med øvingane og Oltedal seier dette er ei ny utfordring, ikkje minst for dirigentane.

–Til vanleg er det dirigentane som kjenner musikken best, og skal presentere den for songarane. Men her er det faktisk omvent. Dei unge i Høgskulekoret kjenner til denne spelmusikken, medan det er nytt for meg. Men dette er spennande å arbeide med, ikkje minst å få dette gjennomført av eit stort orkester og kor. Spelmusikk har vore laga ved eit miksebord, men no er den på veg opp på dei store scenene, seier Oltedal.

Mektig orkester

Operasjef Kari Standal Pavelich seier at det blir eit ekstra stort orkester til desse konsertane, med heile 49 musikantar på scena. Orkesteret skal vere i front, med koret bak, og solist Sabina Zweiacker framme. Orvar Säfström vil vere konfransier og fortelje om musikken og konseptet undervegs.