Før årsskiftet vedtok styret i Helse Førde drifts- og investeringsbudsjett for 2018. Sjølv om det var eit samrøystes vedtak, så rokker budsjettet ved dei mest fundamentale oppgåvene til spesialisthelsetenesta – pasienttilbodet. Ikkje i den forstand at tilbod blir kutta heilt ut, men ved at dei blir reduserte, og at ventetida som følgje av dette blir lenger. Eit døme er at ei gynekologstilling i Helse Førde vert ståande vakant, og at den gynekologiske poliklinikken ved Nordfjord sjukehus blir lagt ned som følgje av dette. Kapasiteten totalt sett blir med andre ord halvert. Behovet er der, men på grunn av at helseføretaket må skaffe seg «økonomisk handlingsrom» for å bygge ut for ein milliard ved sentralsjukehuset i Førde blir denne form for innsparingar gjort. Ei naudsynt utbygging seier styret.

I Lærdal har næringsliv og innbyggarar samla inn over ti millionar kroner stil innkjøp av ein ny MR. Ei heilt naudsynt investering for at pasientane skal kunne få eit godt tilbod utan å måtte reise 150 kilometer til Førde. Kva er forskjellen, i helseføretaksstyret sine augo, på ei naudsynt investering i medisinsk teknisk utstyr i Lærdal og naudsynte utbygging i Førde? Kvifor er det innbyggarane som må samle inn meir enn halve beløpet for å få ein ny MR i Lærdal? Det same har innbyggarane i Nordfjord gjort for å få CT til Nordfjord sjukehus. Kvifor ser administrasjon og styret i helseføretaket så ulikt på sentralsjukehuset og lokalsjukehusa? Vi kan vel også spørje, sjølv om det er ei avsporing i forhold til poenget, kor tid det var innsamling til naudsynt dyrt utstyr til sjukehuset i Førde?

Det er bra, og på tide, at det blir stilt spørsmål om vedtaket styret Helse Førde har gjort, er innanfor rammene som helseministeren har gitt helseføretaka. Pasienten si helseteneste handlar om betre tenester, fleire tenester nær pasienten og kortare ventetid. Helse Førde si fremste oppgåve er nettopp det. Det er ikkje så store «hol i taket» på sjukehuset i Førde at Helse Førde må bruke over ein milliard for å gjennomføre «Nye Førde sjukehus» på kostnad av helsetilbodet til alle innbyggarane i fylket.