Mæland møtte fredag representantar for dei fire fylkeskommunane på Vestlandet for å høyra meir om namnestriden som har blussa opp etter at Hordaland og Sogn og Fjordane vedtok å slå seg saman til ein ny region dei vil kalla Vestlandet.

– Eg har lytta, stilt spørsmål og fått ein gjennomgang av dei ulike syna og prosessane som har vore i dei ulike fylka, sa Mæland til pressa etter møtet.

Ho karakteriserer synspunkta som veldig sprikande, men seier at møtet hadde ein høfleg tone og at det ikkje var noko krangling.

– Med bakgrunnen min frå bygningsrådet i Bergen er eg vand med mykje heftigare debattar enn dette, seier ho.

Stor respekt for sjølvstyret

Sjølv vil statsråden ikkje seia noko om kva ho synest om namnevedtaket til Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Utgangspunktet mitt er at eg har stor respekt for det lokale sjølvstyret. Dei har teke avgjerda si med overveldande fleirtal. Det må vi ta omsyn til. Men vi må også ta omsyn til at vedtaket vekkjer sterke kjensler og reaksjonar hos dei som bur på Vestlandet, men ikkje i det nye fylket.

– Namneval er viktig

Statsråden meiner oppstusset som har vore om saka viser at namneval er viktig.

– Det viser at namneval handlar om følelsar og identitet, og det har eg stor respekt for, sa Mæland.

Ho streka under at dette er viktig for folk og noko ein må ta på alvor.

Mæland lova å ta med seg innspela vidare og sa at ho er innstilt på at departementet kjem med ei innstilling til våren, slik at Stortinget forhåpentlegvis kan fatta eit vedtak før ferien.