Fjordane folkehøgskule har eit sterkt samfunnsengasjement, noko vi syns er viktig å formidle til våre elevar også gjennom ulike aktivitetar som dei blir involvert i. Vi ønskjer å vere ein bidragsytar både til lokalsamfunnet, og i eit større perspektiv. Sidan 2013 har vi arrangert Jul i Stallen, ein julemarknad med mange kjekke aktivitetar for heile familien. Halvparten av inntektene frå denne helga går kvart år til eit veldedig formål.

Jul i Stallen 2017 gav 30.000 kroner til Kreftforeningen. Vi lodda også ut ein barnebursdag, som vi arrangerer på skulen.

Hest, sirkus, viking og kunst

No har vi lyst til å prøve noko heilt nytt, ved å tilby funksjonshemma i heile Nordfjord ei eiga aktivitetshelg hos oss, 3.-4. februar. Der får dei moglegheita til å prøve seg på ulike aktivitetar som er knytt til linjene våre, og tilpassa ferdigheitsnivået deira. Både lærarar og elevar vil vere i sving heile helga for å gje dei ei unik oppleving. Aktivitetane dei kan velje mellom er:

• Hest: stall, hestestell og riding

• Sirkus: sjonglering, gå på line, leik akrobatikk og mykje meir

• Viking: matlaging, teater, drama, vikingleikar og bogeskyting

• Kunst: teikning, maling og keramikk

I tillegg får dei måltid på skulen, og ein festmiddag med dans og underhaldning på laurdagskvelden. Dette blir altså både ei lærerik, aktiv og sosial helg.

Vi ser at dette er ei gruppe som ikkje nødvendigvis har så mange tilbod, og vi har lyst til å gje dei ei unik oppleving i lag med oss.

På Fjordane folkehøgskule har vi terapiriding kvar onsdag. Då kjem brukarar frå fleire stader i Nordfjord for å få ri. Elevane er med som leiarar, og i tillegg til lærar frå folkehøgskulen, er det ein fysioterapeut frå Måløy med. Dette er einaste tilbodet i sitt slag i området. Vi har såleis lang erfaring med å lage opplegg for denne brukargruppa.