− Kva meiner du Selje har å bidra med til Stad kommune?

− Næringane i Selje føyer seg fint inn i Eid sine. Litt som hand i hanske. Kan få god nytte av kvarandre. Både fastbuande og tilreisande har veldig varierte aktivitetsmuligheiter i Selje.

− Kva må til for at Stad kommune skal bli ein suksess?

− Godt integrerte og samansveisa innbyggjarar med felles fokus og vegval.

− Kva forandringar ville du gjere i kommunen din viss du var «allmektig»?

− Ordna alle kommunale vegar for at innbyggjarar og tilsette skal kunne ferdast trygt. Dessutan bygd ut barnehagar og auka bemanninga på sjukeheimen og heimetenesta, og fått på plass aktivitør for den same gruppa.

− Politiske førebilete?

− Carl I. Hagen. For å vere den første politikaren som snakka rett frå levra og såg rett inn i kamera på TV. Ein fantastisk motivator i det verkelege livet og. Utover det er det mange menneske som inspirerer meg.

− Kva er det kjekkaste du har vore med på som politikarar?

− Det kjekkaste er at vi har fått grønt lys for Stad skipstunnel.

− Det verste?

− Det verste er at vi har bygd sjukeheimen i Selje der den ligg i dag, i staden for å utvide der den låg før, like ved sanden og med nydeleg utsikt til sjøen og solnedgangen.

− Kva burde kommunen din brukt meir pengar på?

− Aktivitør til dei eldre og nok personell for bebuarar på sjukeheimen og heimetenesta. Det trengst og ei ekstra barnehageavdeling på ytre Stad.

− Kva er det beste/verste som har skjedd i kommunen din dei siste åra?

− Stad Skipstunnel er veldig bra og det er mykje bra utvikling i næringslivet i kommunen. Hotellbrannen i Selje var trasig.

− Kor aktiv er du på sosiale medium?

− Er gjerne innom Facebook nokre gonger per dag. Twitter får eg nok av ved å høyre om kva President Trump skriv.

− Kva meiner du om eigedomsskatten?

− Den er usosial og feil og den bør fjernast heilt. Når folk betalar for tomt, veg, vatn, feiing, renovasjon og kloakk i tillegg til skatt, må det vere nok.

− Er det nokon «kvardagshelt» du vil gje blomster til?

− Ja alle mine tidlegare kollegaer ved legevakta på Nordfjord Sjukehus fortener ein blomst. Dei møter pasientane på ein måte som gjer at dei føler seg sett og ivaretatt. Det er ein gjeng med fantastisk humør og stå-på vilje.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− I det siste har det vore juleferie frå politikken, og eg har brukt tida på familien og litt jobb. Elles har eg prøvd å kople ut og lade batteria.

− Kva er det beste med å bu i Selje?

− Naturen som er så oversiktleg og masse kjekke folk.

– Kva er det verste du veit?

− Overlegne menneske er noko av det verste som finst. Ingen er betre enn andre.

− Kvifor har du valt Frp som ditt parti?

− Frp ynskjer at menneska sjølve skal få bestemme over seg og sitt. Partiet vil ha mindre overformynderi og vil få ting til å skje utan for mange rundar i papirmølla blant mykje anna.