For å vere med i trekninga, må du svare rett på kven som har skrive «En mann ved navn Ove».

Send svaret til post@operahuset.no eller i Facebook-melding til Operahuset Nordfjord eller Fjordabladet innan måndag 22. januar kl 09.00. Hugs å skrive namn og telefonnummer slik at vi får tak i deg viss du vinn. Vi trekkjer ut ein heldig vinnar av to gratisbillettar.

Sven Nordin er som skapt for rolla som Ove, i følgje regissøren. Ove er 59 år og køyrer Saab. Han er sur og tverr og alle naboars skrekk. Kvar morgon går han på ein inspeksjonsrunde i burettslaget for å sjå at alt er på stell. Det trass i at han for lengst er avsett som styreleiar - ei hending han sjølv omtalar som statskuppet. Ove sparer på straumen og prutar i butikken, og har alltid eit uvenleg ord til dei fleste. Vi kjenner alle ein mann som han. Men under overflata på denne innbitte, steile mannen finst ein annan Ove. Ein einsam mann som sørgjer over tapet av kona si.

- Eg gler meg til ny turné med Riksteatret. Ikkje berre fordi mange har lest boka og sett filmen og diggar historia om Ove. Dei fleste har jo møtt ein liknande fyr i sitt eige liv, og eg trur at dei fleste vil oppleve at Ove kan lære oss noko viktig om oss sjølv", seier kritikarroste Sven Nordin.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Fjordabladet, Operahuset Nordfjord og Riksteatret.