Arrangør NRK Sogn og Fjordane var i førre veke ved Harpefossen skisenter for å filme dei to jentene frå Eid.

Her får vi songen Vintertid, leik i snøen, og til slutt snøballkasting med Ronny Brede Åse. Siste sekvens med programleiar Brede Åse blir innspelt i Førde.

Filmen er på 1 minutt og 15 sekund, og blir vist før Vilde & Anna kjem live syngande inn på scena på laurdag kveld, som opning av Luttkonserten.

Det var i 2016 at Vilde & Anna vann MGPjr med songen Vestlandet.

Før jul kom dei ut med songen Vintertid, og no er det venta EP frå dei to.

Vilde & Anna er også nominert til Luttprisen 2017.

Det same er og Oselie Henden frå Eid,  MGPjr-vinnar 2017.

Dei andre nominerte til Luttprisen 2017 er Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago, Ketil Thorbjørnsen, Steinar Karlsen, Månevenn og SJUR.

Luttkonserten/konkurransen blir arrangert laurdag kveld på Larris Scene i Førde.