− Kva meiner du Eid har å bidra med til Stad kommune?

− I Eid har vi vore flinke med tilrettelegging for næringsutvikling og med å gje gode tenester til innbyggjarane innanfor dei økonomiske rammene vi har hatt til rådvelde. Dette må og vidareførast i den nye kommunen.

− Kva må til for at Stad kommune skal bli ein suksess?

− Det må skapast vekst og utvikling i heile den nye kommunen. Elles vil det bli særs krevjande å skape gode tenester til innbyggjarane.

− Kva forandringar ville du gjere i kommunen din om du var «allmektig»?

− Meir konkurranseutsetting for å få endå betre tenester. Slik Terje Søviknes har gjort i Os kommune.

− Politisk førebilete?

− Sosialpolitikaren John Alvheim. Han var ein person med stort hjarte og klar tale.

− Kva er det kjekkaste du har vore med på som lokalpolitikar?

− Ferdigstillinga av den nye sjukeheim som det har vore jobba med i mange år, er for meg stort.

− Det verste? Kutta i tenestetilbodet for å få budsjettet i balanse.

− Angra på? Det at eg tidleg i den politiske karrieren var kritisk til bygging av Operahuset. Samlokaliseringa av opera og vidaregåande skule har vore ei suksesshistorie som eg burde sett.

− Kva burde kommunen din bruke meir/mindre pengar på?

− Brukt meir pengar på lovpålagde oppgåver som helse og skule, og mindre på administrasjon.

− Kva er det beste og verste som har skjedd i kommunen din dei siste åra?

− Det beste er regulering av arealet vest for Sjøgata til næring. Det har verkeleg skapt vekst i Eid. Det verste er innføringa av eigedomsskatt.

− Kor aktiv er du på sosiale medium?

− Bortimot fråverande.

− Kva meiner du om eigedomsskatten?

− Den er usosial. Eg meiner at når folk har betalt skatt og kommunale avgifter, blir det meiningslaust i tillegg å forlange skatt på bustaden. Den må fjernast.

− Er det nokon «kvardagshelt» du vil gje blomster til?

− Til dei mange eldsjelene som jobbar frivillig og engasjerer unge og gamle.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Planlegging av fylkesårsmøtet 2018 og regjeringsforhandlingane.

− Kva er det beste med å bu i Eid?

− Trivelege og aktive bygder og eit urbant Eid sentrum.

− Kva er det verste du veit?

− Baksnakking.

− Kvifor har du valt Frp som ditt parti?

− Frp er partiet for mindre statleg styring og større sjølvråderett over eigne liv.