Det same gjer elevane på vikinglinja på Fjordane folkehøgskule. Torsdag var elevane samla til fest. Dei hadde sjølve laga til eit kraftig måltid med steikt svinekjøt, flatbrød, surdeigsbrød, ertestuing, kokt byggryn i hønsebuljong og to typar rotmos. Kjøtet var marinert i øl og diverse urter, og alle åt med god appetitt.

Det er nokre av elevane som av omsyn til naturen et mest vegansk kost, men ikkje denne dagen. Her var det fest på vikingvis, og då er feit kjøtmat noko av det som skal fortærast.

Åt seg opp

Vikinglærar Stig Myren fortel at vikingane åt seg opp om vinteren medan kjøtet frå haustslaktinga var av bra kvalitet, så hadde dei litt å gå på når vårknipa kom.

I vikingtida var det påbod om å lage sterkøl til jolefeiringa, men akkurat denne tradisjonen hoppar dei over på vikinglinja. Elevane måtte klare seg med Munkholm. Men dei hadde fått prøvesmakt på sjølvlaga mjød tidlegare i veka, eit samarbeid linja har med Nordfjord Vikinglag.

Kvad på sparket

Som underhaldning på julefesten var det konkurransar, der det å framføre vikingrelaterte kvad var ein av aktivitetane. Elevane vart delte i to lag og ut ifrå eit gitt tema, var det om å gjere å i løpet av eit par minutt å avlevere eit munnleg kvad, det vil seie eit sjølvlaga vers på to-tre linjer. Elevane tok utfordringa på strak arm, og ord som Yggdrasil, smia og hav fekk ei ny meining, til stor applaus frå medelevane.

Skal lage grindbygg

Undervisninga på vikinglinja er i stor grad lagt opp med tanke på at elevane skal lære ved å gjere.

No har dei fått tilgang på skog, og neste store prosjekt er å dra ut i skogen for å felle tømmer og vere med på heile prosessen frå levande tre i skogen, til det som skal bli eit ferdig grindbygg til bruk på skulen.

Havet vart brukt som transportveg og var det som batt folk saman før i tida. Stig Myren fortel at vikingklassen har vore i Gloppen for å ro vikingskip; 7-børingen «Arni» som Kristen Arnestad har bygt på oppdrag frå Rune Kjørvik på Gloppen Camping.

– Det var ei fantastisk oppleving.

Etter påske er det duka for studietur til Island og tur til viking-landsbyen i Gudvangen.

HADDE KLEDD SEG OPP: Elevane hadde kledd seg opp i vikingdrakter til festen. Dei fleste av kleda har dei laga sjølve. Guten med blankt sverd er Rudi Kristoffersen. Foto: Anna Wuttudal
Naturmateriale: På vikinglinja bruker dei i stor grad materiale som stammar frå dyr og naturen elles, som grunnlag for klede, våpen og bruksreiskap. Foto: Anna Wuttudal
JULEFEST: Det vart skåla for god mat, gode vener og godt øl. I vikingtida var det påbod om å lage sterkøl til jolefeiringa, men akkurat denne tradisjonen hoppar dei over på vikinglinja. Elevane måtte klare seg med Munkholm. Foto: Anna Wuttudal
UNDERHALDNING: Som underhaldning på julefesten var det konkurransar, der det å framføre vikingrelaterte kvad var ein av aktivitetane som skapte latter og applaus. Elevane tok utfordringa på strak arm, Foto: Anna Wuttudal
ROTMOS: Elevane hadde mellom anna laga fleire typar rotmos og kokt byggryn til middagsmåltidet. Foto: Anna Wuttudal
GOD MAT: Elevane hadde baka brød og steikt kjøt i store mengder. Kjøtet var marinert i øl og diverse urter, og alle åt med god appetitt. Foto: Anna Wuttudal
SANN KUNNSKAP: Fjordane folkehøgskule er ein livssynsnøytral skule, og lærar Stig Myren er oppteken av at ein ikkje skal forkynne Åsatru, men formidle sann kunnskap om korleis livet var i vikingtida og å oppklare misforståingar; som det er mange av. Til dømes er horn på hjelmen ein av dei tinga som er absolutt feil når det gjeld vikingane. Det ville vere svært upraktisk. Frå europeisk bronsealder finst det imidlertid ein del seremonihjelmar med horn. Det var dei som inspirerte kostyma i Wagner sine operaer, som igjen sette standard for korleis mange trudde vikingar skulle sjå ut på slutten av 1800-talet. Foto: Anna Wuttudal
GOD STEMNING: Det var god stemning rundt bordet på julegilde på Fjordane folkehøgskule. Jul i vikingtida handla mest om å samle folket sitt, ete godt og ha det kjekt i lag. Foto: Anna Wuttudal