Butikkane skal ifølgje Dagens Næringsliv innlemmast i Elkjøp. Dei 21 butikkane i landet har hatt ein omsetnad på 2,5 milliardar kroner, og butikkdrifta har dei siste åra gjeve eit underskot på om lag 30 millionar kroner.

Næraste Lefdal-butikken har vore i Furene i Volda, medan Elkjøp har butikkar i Deknepollen og på Sandane. Både Lefdal og Elkjøp er eigde av den engelske elektronikkgiganten Dixon Carphone.

Slukt av Elkjøp

Dagens Næringsliv fortel vidare at det var i 1996 at Elkjøp-konsernet slukte den hissige utfordraren Lefdal for 150 millionar kroner. Det var den gongen seks butikkar som var eigde av Lefdal-familien. Fleire familiemedlemmer sat igjen med god forteneste etter salet, deriblant dottera til gründeren Klaus Lefdal, som fekk med seg 50 millionar kroner etter salet.

Slektsrøter i Leivdalen

I Årbok for Nordfjord (1994) skriv Rolf Ryssdal om Lefdal-gründeren Klaus Lefdal (1911-2000). Det var bestefaren til Klaus, Andreas Pedersen Lefdal, som reiste ut frå Torebruket i Leivdalen i 1880-åra. Han slo seg ned i Oslo og var snikkarlærar på Akershus landsfengsel.

Sonen, Henrik far til Klaus, var utdanna elektrikar, og slo seg etter kvart ned på Bekkestua i Bærum. Klaus vart fødd i 1911 som nummer to i syskenflokken på åtte. Han gjekk i lære hjå faren og avla montørprøve i 1934. Same året grunnla han Lefdal Installasjon som framleis er i familiens eige. To år etter vart Lefdal elektro oppretta.

Eigde fleire fabrikkar

Lefdalsenteret i Bekkestua frå 1987 vart i si tid rekna for det største lyssenteret i landet. Lefdal vaks seg etter kvart ut av Bekkestua og ny moderne forretning vart opna i Sandvika. Klaus Lefdal eigde og fleire fabrikkar innan elektrobransjen.

Allsidig næringslivsmann

Klaus Lefdal var i mange år med i styret i Elektroinstallatørenes Landsforbund, og var æresmedlem der. I 1987 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Også innan idretten sette han spor etter seg. Det var fotball og skiidrett som stod hjartet han nærast. Han var og aktiv som skihoppar, og i 1939 deltok han i Holmenkollen i kombinert.

Vitja aldri Leivdalen

Ryssdal traff sjølv Klaus Lefdal som sprek 78-åring. På spørsmål om Klaus hadde vitja heimegarden til bestefaren, svara han at det hadde han ikkje.

− Røtene tek til å bli lange og veike, meinte han. Men han hadde køyrt gjennom Nordfjord frå Stryn og over Stigedalen. Eine gongen hadde han stansa på Skauset, og fekk der peika ut kvar Leivdal låg. Men nærare kom han ikkje, den gåverike gründeren av bondeætt i Leivdalen som gjorde det så stort i oslo-området.

Jorunn Ingeborg Leivdal på Torebruket opplyser at hennar familie ikkje er i slekt med Andreas Pedersen Lefdal som reiste ut frå Torebruket i 1880-åra.

LEFDALKARANE: Bestefaren Andreas Pedersen Lefdal (t.v.) og Klaus Lefdal. Foto: Årbok for Nordfjord 1994 Foto: Frå årbok for Nordfjord 1994, bilde utlånt frå Roy Gjerding