– Eit slikt prosjekt krev at det blir brukt mykje tid saman med dei ein skriv om. Å møte opp på garden deira ein gong for så gå i gang med skrivinga går ikkje, fortel forfattar av den kommande boka, Ivar Myklebust Longvastøl, til Nynorsk pressekontor.

Longvastøl, som har mange års røynsle som journalist og dei siste åra har arbeidd som dagleg leiar for journalistutdanninga Nynorsk avissenter, er i gang med boka og skal etter planen fullføre den på seinsommaren.

Fekk tillit av filmskaparen

Ideen til boka var det regissøren av filmane, Frode Fimland, som hadde. Då Fimland kontakta Longvastøl var sistnemnde usikker på om han skulle ta på seg oppdraget.

– I byrjinga var eg litt tvilande til om dette var eit prosjekt for meg. Eg syns filmane om dei to er så gode at eg blei usikker på om ei bok kunne tilføre noko nytt, seier Longvastøl.

Det var tilliten frå Fimland som overtydde han om å takke ja til førespurnaden.

– Han meinte eg var rett mann for jobben, då eg har mange år som journalist bak meg og i tillegg er busett i Naustdal. Eg vart smigra og glad over at han hadde tru på meg. I tillegg blei eg styrkt i trua på at dette kom til å bli ei viktig bok og difor takka eg ja, fortel forfattaren.

Skal skildre kvardagslivet

Til no har Longvastøl vore med søskena på ulike kvardagshendingar som han vil skrive om i boka. Til dømes var han med då søskena pynta juletreet i desember.

– Korleis forma på boka blir er framleis usikkert. Men ambisjonen er å få fram nye sider ved søskena. Eg ønskjer å ta utgangspunkt i kvardagslivet deira for å skildre korleis dei lever liva sine, seier Longvastøl.

– Det er ingen fasit på kva som er eit godt liv. Det er ulikt frå person til person. Med filmane trefte Fimland ei nerve som gjorde inntrykk på veldig mange. Eg håpar eg finn den same nerven når eg skal skildre livet deira gjennom skrift, legg han til.

Har fått arbeidsstipend

Så langt har han skrive to kapittel om søskena. Ein prolog som set søskena inn i landskapet og eit kapittel som handlar om at dei sender stuten sin til slakt. Desse kapitla sende han òg inn til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) saman med ein søknad om arbeidsstipend.

– Søknaden gjekk gjennom og eg har fått midlar til å skrive på heiltid i fem månader. Planen er å vere ferdig innan 3. september.

Førebels er det ikkje skrive kontrakt med noko forlag, men Longvastøl fortel at Samlaget har vist interesse for prosjektet.

– I søknaden til NFF er det òg med ei fråsegn frå Samlaget der dei gir uttrykk for at dei har stor tru på prosjektet, avsluttar Longvastøl.

Søskena Magnar og Oddny Kleiva elskar å vere på stølen, ifølgje forfattaren av boka om dei to. Foto: Vegard Fimland
Søskena Magnar og Oddny saman med forfattar Ivar Myklebust Longvastøl heime på garden til søskena. Foto: Vegard Fimland